Arven etter 70 år med sivil og militær bruk av kjerneteknologi

I dag er det mange unge som snakkar positivt om kjernekraft som ein del av energimiksen til det grøne skiftet. Også i miljøparti. Også i Norge. Det er særleg ei side ved denne teknologien som er lite kjend for dei fleste. Det gjeld den store arven av atomanlegg og radioaktivt avfall som ventar på nedbygging (dekommisjonering), trygge mellomlager og sluttlager.

I dag har vi i verda 415 kjernereaktorar i drift i 33 land, 52 under bygging, 204 stengde for godt, 93 ute av drift og 25 under reparasjon. Gjennomsnittsalderen er på 31 år, og 1 av 5 reaktorar er over 41 år. Dei fleste av desse er andregenerasjons reaktorar, bygde for ei levetid på frå 30 til 40 år.

Det finst over 350 000 tonn høgradioaktivt kjerneavfall og ingen land har i dag eit ferdig deponi for den typen avfall, bortsett frå Finland som snart har eit slikt deponi for sitt brukte reaktorbrensel. For det farlegaste og langliva avfallet ser den beste løysinga i dag ut til å vere i stabilt fjell 500 meter under jorda.  Der skal det kunne ligge trygt utan kontakt med biosfæren i ein million år.

Dette fortel oss at kjerneindustrien over heile verda står framfor store utfordringar i åra som kjem, både økonomisk, teknisk og med omsyn til miljøet, når det gjeld dekommisjonering og deponering etter 70 år med kjernekraft.

Arven etter kjernekraft finn ein på stader omkring i verda der uranmalm har blitt teke ut av gruver, elektrisk kraft har blitt produsert, kjernevåpen har blitt laga og testa, radioaktivt avfall har blitt lagra, og der reprosessering av brukt kjernebrensel for å skaffe plutonium til våpen, og etterkvart MOX- og Breeder brensel, har blitt utført. Arven etter alt dette består av bygningar, reaktorar, brønnar og lager med radioaktivt avfall. Det består av område med forureina land, elvar og innsjøar, forgifta vatn som stammar frå utslepp av radioaktive stoff til luft og vatn, og frå lekkasjar og små og større uhell. Desse anlegga er ofte plasserte i utkantområde og er geografisk og økonomisk marginale, tynt folka og politisk svake. Dette er lite kjent eller diskutert i offentlegheita.

Eg vil i komande artiklar ta for meg situasjonen på dette område i nokre land: Frankrike, Storbritannia, Tyskland, USA og Norge.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s