
Frankrike er verdas nest største kjernekraftprodusent og har 58 reaktorar som er plasserte langs Kanalkysten og grensene til Tyskland, Luxemburg og Belgia og ved dei største elvane, Loire, Seine, Rhône, Rhine, Moselle og Garonne. I Rhônedalen ligg også to anrikingsanlegg Pierrelatte og Tricastin.

Cap de la Hague er den ytste pynten av Contentin halvøya i Normandie. Denne avsides liggjande staden er lokasjonen for eit av dei største kjernekompleks i heile verda, med høgradioaktive avfallslager og to store reprosesseringsanlegg, kalt UP2 og UP3. Desse anlegga separerer uran, plutonium og fisjonsprodukt frå brukt brensel.

30 kilometer aust for La Hague i Cherbourg blir dei franske atomubåtane bygde og i 30 kilometer sør i Flamanville ligg to kjernekraftverk. Det eine har to reaktorar bygde i 1986, og i det andre held dei sidan 2007 på med å bygge ein EPR-reaktor. Han er enno ikkje ferdig (2022).
La Hague området representerer ei satsing på kjerneenergi og teknologi som står i sentrum for heile den franske kjerneindustrien.
Reprosessering
Brenselet i atomreaktorane må bytast ut med nytt kvart 3-5 år. I starten på atomalderen, mellom 1967 og 1982, vart brukt reaktorbrensel og anna radioaktivt avfall dumpa i havet, men i 1993 vart dette forbode.
Reprosessering av brukt brensel blei først gjort for å skaffe plutonium til atomvåpen. I dag blir denne teknologien grunngjeven med produksjon av MOX- brensel og brensel til Breeder reaktorar. MOX-brensel, som er ei blanding av plutoniumoksid og uranoksid, er brukt i 24 av dei franske reaktorane.
UP3 anlegget i La Hague vart bygd i 1990 for å reprosessere utanlands brensel, men tok slutt i 2013 etter protestar i mange land mot dei farlege transportane.
Det militære anlegget UP1, som produserer plutonium til våpen og MOX-brensel, ligg i Marcoule i Sør Frankrike.
Transport av radioaktivt avfall og brensel
Brukt brensel frå reaktorar frå heile landet blir sendt til UP2 anlegget i La Hague for reprosessering, og plutonium og uran blir frakta til UP1 anlegget i Marcoule for å bli til MOX brensel. Dette brenselet blir så transportert ut til alle dei 24 reaktorane som nyttar MOX. Etter bruk blir det frakta tilbake til lagring i La Hague. Denne typen brukt brensel er varmare og meir radioaktivt enn det vanlegare uranoksidbrenselet, og må ligge mange tiår til nedkjøling.
Alle desse transportane går på det vanlege transportnettet med bil og tog, følgde av væpna vakter og brannmenn.
I dag har ein ikkje utstyr til å reprosessere det brukte MOX brenselet på nytt etter bruk, så det er usikkert om dette i framtida blir ein ressurs eller eit avfall. Dei tidlegare forsøka med «fast breeder» teknologi for å bruke reprosessert brukt brensel som nytt brennstoff, blei effektivt stoppa med stenging av Superphénix i 1997. Dette var tredje reaktoren av denne typen som ikkje fungerte. Mange år seinare, i 2010, dukkar draumen om fjerde generasjons «fast breeder» opp igjen i form av forsøksreaktoren ASTRID. I 2019 blei også dette programmet stoppa. Likevel blir det i dag snakka om «fjerde generasjons reaktoren» som kan drivast med «brukt brensel» og dermed påstanden om at ein kan løyse problemet med det radioaktive avfallet ved å bruke det om igjen. Bill Gates sitt forsknings- og utviklingsprogram gjennom TerraPower er eit eksempel på dette.
Lagring av radioaktivt materiale
I dag hopar brukt brensel seg opp både ved reaktorane i heile landet og i La Hague. I reprosseseringa der plutonium og uran blir sendt til anlegget i Sør-Frankrike, blir den høgradioaktive delen av brenselet, såkalt glasifiserte fisjonsprodukt, lagra i La Hague til nedkjøling og i påvente av at eit deponi for dette ein gong blir bygt. Framtida for dette er uklar sidan planane for deponering av både det som er reprosessert og ikkje, er usikre.
Alle lager tek til å bli fulle og to nye enorme basseng for nedkjøling av brukt kjernebrensel er no planlagde i La Hague.
Folk i området har lenge funne seg i det som skjer ved anlegga. Dei har vore nøgde med sikre arbeidsplassar og urbanisering av eit tilbakeståande område. I La Hague reprosesserer dei 1700 tonn brukt reaktorbrenset kvart år. Dei har 4000 tilsette og 1000 på kontraktar.
Men no ser det ut til at folk tenkjer at «nok er nok» og at La Hague har gjort nok for atomindustrien. I i desse dagar, juni 2022, er det store demonstrasjonar mot utbygging. Med slagord som «Søppelbøtta er full! Vi ønskjer ikkje lenger å vere den største søppelbøtte i verda», går folk imot planane til den mektige atomindustrien.

Bure og deponering av høgradioaktivt og langliva avfall
Frå La Hague er det 67 mil til Bure, som ligg i det austlege rurale Frankrike i eit tynt folka område langt frå byar og kommunikasjon. Landsbyen Bure har mindre enn 100 innbyggarar.

Det er her Andra som er det franske offentlege organet med ansvar for lagring av det farlegaste radioaktive avfallet, har utvikla prosjektet Cigeo, eit deponi 500 meter under landsbyen.
Arbeidet med å finne ein plass til eit slikt deponi tok til alt i 1987 og Bure peikte seg etter kvart ut til å bli den beste staden å bygge dette. Bure har bevega seg frå å vere eit av mange mogelege område til å bli det einaste brukbare område for eit underjordisk laboratorium, og vidare til dagens prosjekt Cigéo.
Sjølv om anlegget under Bure enno berre er eit forskningslaboratorium og i den første operasjonelle fasen vil bli eit pilotprosjekt, er det inga tvil om at Bure vil bli eit permanent deponi, hevdar professor Andrew Blowers i si bok «The Legacy of Nuclear Power” (Routledge, London 2017).
ANDRA planlegg å bygge 270 km med galleri 500 meter under jorda og 5km med doble tunellar for å sende tønnene med avfall på plass. Gjennom pilotfasen av Cigéo er det planlagt å ta imot mellomaktivt avfall, så høgaktivt avfall frå anlegget i Marcoule, før ein tek imot høgaktivt avfall frå La Hague frå omkring år 2075. Med ein til to konvoiar per veke reknar dei med å ha alt avfallet på plass om 130 år og deponiet kan stengast.
Då planane om deponiet vart kjende protesterte antiatom-organisasjonane i landet. Protestgruppa Burestop og organisasjonen Sortirdunucleaire 1,3 held fram med lokale demonstrasjonar, men får lite støtte frå folk i lokalmiljøet. Innbyggarane i området ser ut til å ha endra haldning frå ignoranse til fatalistisk akseptering. Det har vore fleire store folkemøte med orientering, men alle politiske vedtak er enno ikkje (2022) på plass.
For meir informasjon: Battle to stop nuclear waste being buried in a French village – Reporters (france24.com)
Kjelder:
Andrew Blowers; The Legacy of Nuclear Power, Routledge, London 2017
BureStop 55: CIGÉO, «COFFRE-FORT GÉOLOGIQUE». DÉMYSTIFIER LE MYTHE, 2021