Om meg

Eva Solfrid Fidjestøl har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Ho har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag på Lærarhøgskulen i Bergen.

Eva Fidjestøl har lenge vore aktiv i miljørørsla. Ho har vore aktiv medlem i Nei til Atomvåpen, Naturvernforbundet og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) i mange år.

Eva Fidjestøl var med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkte Kviterussland og dei radioaktive sonene i landet 12 gonger i den perioden. Ho har hatt lange utanlandsopphald i Tyskland, Frankrike og England, og har blitt godt kjend med miljø og anti-atom organisasjonar i desse landa.

Eva Fidjestøl har delteke på ei rekke store internasjonale konferansar og møter: Kvinnekonferansen i Beijing i 1995, Verdens kvinners miljøkonferanse i Miami i 1991 (eitt år før Rio), Helsinki 1994 (førebuing til Beijing), FNs første komité i New York 2010 og 2016 med støtte frå IKFF. Konferansar arrangert av Forum for økumeniske, europeiske, kristne kvinner (FEECW) i Roma, Praha, Newcastle, Paris med økonomisk støtte frå Mellomkyrkjeleg Råd i den norske kyrkja.

Ho er med i referansegruppa til Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND) som har til oppgave å avvikle dei norske atomanlegge og handtere avfallet frå norsk atomforskning.