Nye protestar mot det underjordiske atomavfallsdeponiet i BURE

Den 7. juli 2022 kom den franske regjeringa med vedtak som lar ANDRA starte førebuande
arbeid på Cigéo i Bure. Ei heil rekke med organisasjonar og nettverk var alt dagen etter ute
med protestar i form av pressemelding og eit brev til regjeringa. Dei som står bak protesten er mellom andre «Sortir du nucleaire»-Nettverket, ATTAK Frankrike, Greenpeace Frankrike, Bure Stop, Friends of the Earth.

I pressemeldinga står mellom anna dette:

«Regjeringa har nettopp teke eit nytt skritt i å pålegge folk i Meuse/Haute-Marne å grave
ned det farlegaste og mest langliva radioaktive avfallet, som er resultat av mange tiår med
atomindustri. Staten sitt vedtak er i trå med utgreiingane frå tidlegare granskingskomitear,
trass i negative og godt grunngjevne meiningar frå lokale innbyggarar og institusjonar, og
alle dei landsdekkande organisasjonane
.

Iveren etter å grave ned radioaktivt avfall er driven av ønskje om å oppretthalde
atomkraftindustrien, medan avfallet hopar seg opp. President Emmanuel Macron ønskjer for
ein kvar pris å halde fram med atomkraft, men Cigéo ville ikkje vere nok til å ta imot avfallet
frå nye reaktorar eller frå ein massiv utvida atomflåte.

Nedgraving av radioaktivt avfall kan få alvorlege konsekvensar, både for folk i område og for
komande generasjonar. Vi kan vise til smertefulle erfaringar som Stocamine i Frankrike, Asse
i Tyskland og WIPP i USA.

Vi oppfordrar heile sivilsamfunnet om å demonstrere mot dette farlege, umoralske og
øydeleggande prosjektet.»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s