
Meir enn 50 år etter starten på atomindustrien i Tyskland er ikkje eit einaste gram atomavfall sikkert lagra. Atomavfallet i Tyskland blir i dag lagra midlertidig på over hundre stader under usikre tilhøve. Mykje av avfallet ligg førebels lagra på stader der det er vanskeleg å ta det tilbake.
Den tyske regjeringa vedtok alt i 2000 «Energiwende»-politikken som gjekk ut på å fase ut kol, olje og atomkraft og utvikle alternative energikjelder og enøk-tiltak. Men først etter Fukushima-ulukka i 2011 blei dette vedtaket for alvor sett ut i live. Åtte av dei eldste atomreaktorane som framleis var i drift vart stengde og det blei vedteke at dei ni som var igjen skulle utfasast innan 2022.
I 2020 produserte atomreaktorane 11,3 prosent av landet sitt elektrisitetsforbruk. Dette utgjorde omtrent ein tredjedel av det historiske maksimum på 30,9 prosent i 1997. I dag er tilsaman 33 atomreaktorar stengde for godt, mens 3 er fortsatt i drift. I tillegg til atomkraftverk, har Tyskland eit anrikingsanlegg i Gronau og ein brenselfabrikken i Lingen. Begge desse anlegga held fram som før. Tyskland har og hatt to urangruver i Thuringen og Sachen som ikkje lenger er i drift.
17 000 tonn med høgradioaktivt og 600 000 m3 låg- og mellomradioaktivt avfall er den mengda avfall frå atomindustrien dei komande generasjonane i Tyskland har arva. (Dette er offisielle tal, men dei strålande massane ved urangruvene i Thüringen og Sachen og alt det frigjevne byggemateriale frå nedbygging av atomanlegg og reaktorar er ikkje teke med.)
Økoinstituttet i Freiburg har formulert det slik:
«Dei komande generasjonane vil i tusenvis av år komme til å ha problem med det atomavfallet som berre i nokre tiår var resultat av straumproduksjon. Våre etterkomarar vil komme til å sjå på dette som eit brotsverk menneska i vår tid har gjort mot sine barneborns born. Og det vil vere for seint å stille nokon til ansvar. Vi som lever no kan ikkje trylle dette avfallet vekk. Men vi kan sørge for at det ikkje blir produsert meir atomavfall. Vi kan også arbeide for at det blir bygd deponi for avfallet, og hindre at det blir valt billege og usikre løysingar for dette farlege avfallet».
CDU politikaren Peter Altmeier uttalte i 2013 då han var miljøminister at «dette avfallet burde aldri ha vore produsert». Likevel bli det framleis produsert nytt avfall kvar dag i dei atomkraftverka som enno er i gang.
Oversikt over kritiske stader i Tyskland med store mengder atomavfall

Wismut-anlegget i Thüringen og Sachsen
Mellom 1947–1990 tok det tysk-sovjetiske aksjeselskapet Wismut ut 231 000 tonn uran til atomvåpen og reaktorbrensel frå urangruvene i Thüringen og Sachsen i det som den gong var ein del av Aust-Tyskland (DDR). Gruvene blei stengde 1. januar 1991. Tilbake ligg i dag eit landskap med haugar av avfall (såkalla «tailings»), hallar og basseng, delvis i tett folka område. Her finst det 1500 km opne gruvegangar, 311 millionar m3 materiale og 160 millionar m3 radioaktivt slam. Dei såkalla tailings inneheld alle radioaktive isotopar i uranfamilien og deira spaltingsprodukt. Halveringstida for denne strålande haugen er fleire tusen år. 7,7 millionar tonn med slike haugar er dekka med ein meter jord med gras og grøne planter på toppen.
Eit forskingsarbeid frå 2006 beskriv helsetilstanden til 59 000 tidlegare gruvearbeidarar i Wismut anlegget. Der er det påvist 50-70 prosent auke i lungekreft og over 7000 strålingsinduserte dødsfall. Risikoen for utvikling av kreft kjem 15 til 24 år etter eksponering frå stråling, så ein kan vente mange nye tilfelle i framtida.
Dette er hittil verdas største studie av urangruve arbeidarar. 75 prosent av all urangruvedrift ligg i område med urfolk, i gamle koloniar eller okkupert land, og det er ei av årsakene til at det har vore lite studier av risiko og konsekvensar for helsa til arbeidarane. Sachen og Thüringen var okkupert av Sovjet frå 1945 til 1991, men er i dag ein del av det samla Tyskland.
Det er ingen planar om deponering eller bygging av mellomlager for alt gruveavfallet. Alt blir liggande som eit opent sluttlager.
Gronau
I Gronau ligg det einaste anrikingsanlegg for uran i Tyskland. Her blir det produsert låganrika uranoksid til reaktorbrensel som blir levert til kvar tiande atomreaktor over heile verda. Sjølv om Tyskland har vedteke å stenge alle atomreaktorar innan 2022, er det ingen plan om å slutte med anriking av uran.
Avfallet ved dette anlegget består av store mengder utarma uran (Depleted Uranium, DU), som tidlegare blei sendt til Russland. Etter protestar frå både russiske og tyske NGOar vart denne transporten stansa. I dag ligg 40 000 tonn DU i form av gassen UF6 i tønner ved anlegget under open himmel. Store mengder er sendt til Frankrike for omdanning til uranoksid som ein lettare kan lagre. 60 000 tonn uranoksid skal sendast tilbake frå Frankrike og lagrast i ein nybygd lagerhall i Gronau. Kilde: www.aku-gronau.de
Gundremmingen

Her ligg to store kokvass-reaktorar ved sida av kvarandre, kvar på 1300 MW. Ingen annan stad i Tyskland er så mykje høgradioaktivt avfall samla på ein stad. Omtrent halvparten av det brukte brenselet frå desse reaktorane, til saman 750 tonn, ligg enno i to kjølebrønnar på reaktorområde. Noko av det har lege her i meir enn 20 år. Begge desse reaktorane er no nedstengde.
Brunsbüttel
Atomkraftverket Brunsbüttel blei stengt av eigaren Vattenfall etter ei ulukke i 2007. Etter Super-Gau i Fukushima i 2011 avgjorde det tyske parlamentet (Bundestag) at reaktoren skulle stengast for godt. Alt i 2005 var det blitt avgjort at brukt atombrensel ikkje lenger skulle sendast til gjenvinning i utlandet (Sellafield i UK og La Hague i Frankrike). Vattenfall bygde derfor eit mellomlager for dette avfallet på reaktorområdet.

Planen var at 80 transportbehaldare for radioaktivt stoff (Castor-behaldare) fulle med atomavfall skulle plasserast der. Då ni behaldarar var på plass blei lageret erklært for ulovleg av dei regionale myndigheitene.
Mange hevda at dei 14 andre mellomlagera for slikt avfall over heile landet var like usikre. www.ausgestrahlt.de
Jülich
I Jülich i Nord-Rein Westphalen står ein høgtemperatur-kulehovudreaktor som vart stansa i 1988 etter 21 års drift.

I dag er langtidslagringa av det høgradioaktive avfallet frå denne reaktoren eit problem. Avfallet består av 300 000 tennisball-store høgradioaktive uran-thorium-grafittkuler i Castor-behaldarar. Meininga var opprinneleg at desse skulle gjenvinnast etter bruk, men gjenvinningsanlegget Jupiter som var bygd i 1970 vart aldri teke i bruk og seinare reve. Planen var deretter å sende noko av avfallet i enkle tønner til saltgruva Asse (sjå nedanfor). Det vart stansa av protestar, men likevel reknar ein med at ein del hamna der illegalt.
I 1993 blei det bygd eit mellomlager på reaktorområdet for alle Castor-behaldarane. No blir det planlagt å sende dette avfallet til USA, til det militære atomkomplekset Savanna River Site. Dette komplekset representerar eit av dei største miljøproblem i USA i dag. Her blir det lagra plutonium frå Canada, Belgia, Italia og Sverige i tillegg til 180 millionar liter flytande høgradioktivt avfall frå atomvåpenproduksjonen.
Karlsruhe
Nord for Karlsruhe ligg det tidlegare atomforskingssenter Karlsruhe, i dag Karlsruher Institut für Technologie (KIT-Nord). Etter 23 år med forskning på gjenvinning ligg det største overflate mellomlager for radioaktivt avfall i Tyskland her. Mange tusen fat med låg- og mellomaktivt atomavfall er midlertidig lagra og omtrent 1700 av fata har rustskadar. Likevel er det planlagt å bygge fleire hallar til mellomlagring av endå meir radioaktivt avfall, sidan det enno ikkje finst noko endeleg deponi for slikt avfall. Utan å ta desse problema på alvor, vart det her lenge forska vidare på reaktortypen Generasjon-IV som gir enno farlegare avfall.
På området til KIT ligg også Institut für Transurane (ITU). Dette instituttet blir finansiert av EU og har omkring 400 medarbeidarar. Under dekknamnet «tryggleiksforsking» blir det her forska på atombrennstoff for nye moderne atomreaktorar og ei vidare utvikling av atomindustrien. I følge miljøorganisasjonen BUND viderefører ein på vitskapleg nivå, med velsigning frå regionsregjeringa, det som politisk er avslutta i Tyskland.
Obrigheim
Den eldste kommersielle atomreaktoren i Tyskland blei stengd ned i 2005 etter 37 års drift. I 2008 starta ein for første gong arbeidet med nedbygging av anlegget (dekommisjonering). Det finst lite erfaring med nedbygging av stengte atomkraftverk. I motsetnad til internasjonal standard så var ikkje anlegga i Obrigheim fri for atombrennstoff når nedbygginga starta. Det var 342 høgradioaktive brukte brensel-stavar på anlegget.
I Obrigheim starta dei med nedbygging først med dei minst radioaktive delane. Det har vore litt offentleg innsyn i arbeidet. Miljøorganisasjonar fryktar at den største delen av betong, murar og skrot landar på hushaldningssøppel deponi, blir brent eller til og med brukt om igjen. Grunna høge grenseverdiar for når eit stoff er stempla som radioaktivt, skal mindre enn ein prosent av det samla rivingsmaterialet erklærast som atomavfall og lagrast som det.
Den nedlagde gruva i Asse

Den tyske regjeringa kjøpte i 1965 den nedlagde gruva Asse II ved Wolfenbüttel i Niedersachen for å finne ut om slike gruver ville eigne seg til lagring av atomavfall. Etter to år, utan å vente på vitskaplege rapportar, omdefinerte styresmaktene i løynd gruva til ein billeg, permanent søppelplass for dette farlege avfallet. Det er rekna ut at gruva i dag inneheld mellom anna nok plutonium til å fylle 20 olympiske symjebasseng. I 1970 då ingeniørane stengde romma i gruva, som inneheldt 126 000 fat med radioaktivt avfall, trudde dei at dette avfallet var trygt lagra for alltid. Men no kollapsar veggene i gruva på grunn av trykket frå fjellmassane omkring, og 12 000 liter saltvatn treng inn kvar dag. Myndigheitene innrømme at det er ein katastrofal situasjon. Mange ekspertar er redde for at det å grave opp tønnene, med risiko for lekkasje, kan skape større skade ennå la dei ligge. «Dette er berre ein del av det tyske atommarerittet», stod det i New Scientist 6. februar 2016.
Gorleben
Den vesle landsbyen Gorleben ligg ved elva Elbe 130 km søraust for Hamburg i eit fredeleg område med bondegardar, utmarker og skog. Likevel er namnet Gorleben synonymt med dei mest kraftfulle, vedvarande og urokkelege anti-atom protestane nokon stad. Protestane har retta seg mot at Gorleben skulle bli deponiplass for det brukte tyske reaktorbrenselet og mot utbygging av atomkraft i Tyskland. Demonstrasjonane i Gorleben har halde på i fire tiår og har samla store folkemengder. Planen var å bygge eit reprosesseringsanlegg og eit deponi for alt det tyske brukte reaktorbrenselet i den gamle saltgruva som låg her. Her planla atomindustrien i Tyskland å deponere det farlegaste avfallet sitt.

I dag ligg det eit overvaka kompleks med bygningar i skogen sør for Gorleben som inneheld nedgangen til ei utgraven, men ikkje ferdig saltgruve. Den er på 14 x 4 km, går ned til 840 m og har 7 km med vegar. Like ved ligg eit mellomlager for glasifisert høgradioaktivt kjernebrensel. Her ligg Castorbehaldarar med reprosessert brukt brensel tilbake sendt frå La Hague i Frankrike, og frå Sellafield i Storbritannia. Det var og meininga at brukte brenselstavar frå tyske atomkraftverk skulle mellomlagrast her, men det skjedde aldri. Etter 2011 var det og slutt på Castor transportane frå utlandet. Eit anlegg for pakking av brukt brensel før deponering og eit mellomlager for låg- og mellomradioaktivt avfall står ubrukt.
Situasjonen i dag
Den første prinsippavgjerda om å stenge alle atomkraftverka i Tyskland vart teken av Gerhard Schrøder si raud-grøne regjering alt i 2000. Våren 2011 kom Merkel regjeringa sitt mykje omtala vedtak om å fase ut alle tyske atomreaktorar innan 2021/22.
Bak eit slikt vedtak ligg 40 år med kamp mot atomkraft i Tyskland, støtta av ein brei allianse av folkelege rørsler og sterke fagmiljø, der Öko-Institut Freiburg er det vitigaste.
Når det siste atomkraftverket i Tyskland er stengt ned ligg det 17 000 tonn med høgradiaoaktivt, brukt reaktorbrensel frå desse reaktorane i mellomlager. I september 2020 gjorde BGE (Bundesgesellschaft für Endlagerung) kjent ein plan for arbeidet med å finne ein stad for å bygge eit underjordisk deponi for varig lagring av dette avfallet, og at ein slik stad skal finnast før januar 2031. (www.oeko.de)