Arven etter atomindustrien i USA

Fat man bomben over Nagasaki
9. august 1945

I USA starta atomalderen med andre verdskrigen og Manhattan prosjektet. Det var eit samarbeid mellom store internasjonale industriselskapselskap, staten og forskingsmiljø ved universiteta. Målet til prosjektet var å produsere atombomber før fienden fekk gjort det. Og fienden var Hitler-Tyskland.

Fabrikkar og anlegg til dette føremålet vart bygde på 32 område spreidde over heile det nord-amerikanske kontinentet. Det blei på kort tid bygd alle typar anlegg som trongst for å produsere bomber av uran og plutonium, og seinare etter krigen også hydrogenbomber.  I tida frå slutten av 1942 til august 1945 arbeidde ein halv million menneske på desse anlegga. Berre i Hanford blei det bygd 1200 bygningar, meir enn 1000 km med vegar og 250 km med jernbane. I 1944 var det 51 000 arbeidarar på plass.

Hanford reaktor B under konstruksjon i 1944

Desse anlegga, og nye av same typen, vart etter krigen også brukt til fredeleg utnytting av atomenergien. Nye land tok etter, og i dag produserer ni land atomvåpen, medan 33 land har atomreaktorar for å produsere straum.

Det radioaktive avfallet og spesielt det brukte reaktorbrenselet har ingen land enno ei god løysing for.

Hanford, som ligg vest i landet i staten Washington, var den staden der plutonium til bomba som blei brukt over Nagasaki 9. august 1945 vart laga. Plutoniumproduksjon heldt fram til slutten av den kalde krigen i 1989. Då skifta rolla til Hanford frå produksjon av plutonium til miljøoppreinsking og opprydding, etter ein kort periode med forsking på sivil atomenergi.

I 1942 var dette eit ørkenområde der pionerar hadde slått seg ned med husdyr og jordbruk basert på kunstig vatning. Der var og indianarstammar som levde av fangst og fiske. Jernbanen som nådde Pasco i 1884 opna området for meir tilflytting. I februar 1943, tre månadar etter at Hanford var valt som ein del av Manhattan prosjektet, fekk dei som budde der brev om at jorda deira var ekspropriert av forbundsregjeringa i USA. Dei blei bedne om å forlate heimane og jorda og det blei forbode å drive med fangst og fiske. Folk fekk lite att frå staten og opplevde dette som tjuveri og kunne ikkje tru at den amerikanske staten stod bak. Men innbyggarane vart fjerna og nye arbeidarar blei henta i titusenvis. Brakkebyar, reaktorar, vegar, jarnvegar og alle andre typar bygg som skulle til for å produsere fissilt uran og plutonium, kom raskt på plass.

I dag er Hanford rekna for å vere verdas største miljø-oppreiskingsanlegg. Den totale mengd med avfall og forureining er ukjend og kanskje umogeleg å fastlegge. Det er likevel estimert at flytande og faste massar på område inneheld minst 350 millionar Ci med radioaktivitet. (1Ci = 37 mrd Bq). Til samanlikning reikner ein med at eit inntak av over 80 000 becquerel pr. år av radioaktivt cesium er skadelig for menneske, og at ein ikkje bør få i seg mat som har meir enn 600 Bq per kilo. Anlegga slapp ut store mengder radioaktive stoff til luft, jord og vatn. Ein fryktar at det som er lagra der skal nå grunnvatnet og elva Columbia, særleg frå dei underjordiske tankane med flytande, reprosessert brukt brensel. To femdeler av US Department of Energy sitt budsjett til opprydding av deira 17 viktigaste område etter Manhattan prosjektet, går til Hanford.

Det blei sagt at General Groves, leiaren av Manhattan prosjektet, var driven av tre ting, ønske om å vinne krigen fort, redselen for at tyskarane skulle produsere bomba først og at krigen skulle slutte før prosjektet var ferdig og ei bombe hadde blitt detonert.

Då uranbomba med kodenamnet «Little Boy» vart detonert over Hiroshima 6. august 1945 avslørte President Truman det hemmelege krigsprogrammet i Hanford og dei andre lokasjonane i Manhattan prosjektet. «Det er atombomber» var overskrifta i «The Villager» avisa i Richland. Avisa følgde opp med plutonium bomba «Fat Man» som eksploderte over Nagasaki 9. august og den følgjande kapitulasjonen av Japan. Den 14. august stod det i avisa «Peace, Our Bomb Clinched It».

Men sjølv om bruken av atombomber blei rettferdiggjord med at dei fekk slutt på krigen i Stillehavet, så har det også blitt hevda at japanarane var i ferd med å kapitulere, og at den fryktelege massakren av dei sivile innbyggarane i to store byar var både unødvendig og  utilbørleg. Groves la mest vekt på at bombene sparde livet til amerikanske soldatar, kanskje så mange som 500 000 – 1 000 000. Det er estimert at godt over 200 000 døde som følgje av bombene i Hiroshima og Nagasaki.

Sumaren 1944 viste politikarar, militære og forskarar på høgt nivå at atomvåpena som var under produksjon ikkje kom til å bli brukte mot Tyskland som planlagt, men at dei skulle brukast for å demonstrere USA si globale supermakt overfor Sovjetunionen og resten av verda. Dette har i ettertid blitt sett på som starten på den kalde krigen og atomvåpenkapprustninga. Det var då den britiske fysikaren og seinare Nobelprisvinnar Rotblat avslutta sitt samarbeid med Manhattan prosjektet og reiste tilbake til Storbritannia. Han vart seinare aktiv i den internasjonale kampen mot atomvåpen. Eit nærliggande spørsmål er: Kvifor var det ikkje fleir som tenkte slik?

Ein må sette eit spørsmålsteikn ved den omsorg dei ansvarlege leiarane innan militæret og politikk i USA hadde for soldatane sine, når eit stort tal av dei vart brukt i eit eksperiment og plasserte nokre km unna testar av atomeksplosjonar for å registrere deira fysiske og psykiske reaksjonar. Ein må også spørje om kva slags omsorg dei hadde for folkehelsa når 1200 atomeksplosjonar  vart utførde i Nevada og nedfallet kom over heile området, bortsett frå tre statar på austkysten. I november 2002 tilstod regjeringa i USA at alle menneske som levde her i tida 1958-1963 hadde blitt eksponerte for det radioaktive nedfallet.

Dei atmosfæriske bombetestane som gjekk føre seg i åra etter slutten på andre verdskrigen viser at både USA og dei andre atommaktene som kom til etter kvart, ikkje var redde for å skade både eigne innbyggarar og folk i koloniane, når det gjalt å samle kunnskap om verknaden av desse bombene på menneske og natur. I 1946 sprengde USA ei atombombe over Bikiniatollen i Stillehavet, Russland sprengde si første i 1947, Storbritannia prøvesprengde atomvåpen over aboriginane i Australia i 1952 og Frankrike over tuaregane i afrikanske koloniar i 1960. Heile 500 atombomber har blitt sprengde i atmosfæren mellom 1945 og 1980. Etter Hiroshima vart det innan det militære i USA sett i gang forsking på menneske for å finne ut kor mykje dei tolte av påførde radioaktive stoff. Forskinga var hemmeleg og blei utført utan samtykke på gamle, fattige, fangar, psykisk sjuke, osv.

USA har enno ikkje funne ein stad for å bygge eit deponi for alt det høgaktive radioaktive avfallet. Sidan 1978 har dei undersøkt område i Yucca Mountain (Nevada), men dette har så langt ikkje gjeve noko resultat. Waste isolation Pilot Plant i New Mexico (WIPP) er eit militært djupdeponi for mellomradioaktivt avfall. Det er det einaste djupdeponi for radioaktivt avfall i verda som har  vore i drift nokre år. Det vart stengt i 2014 etter ei ulukke.

Med 93 kommersielle atomreaktorar i drift per 1. juli 2021 har USA i dag verdas største sivile atomflåte. Reaktorane har ein gjennomsnittsalder på 40,7 år som betyr at mange av dei må dekommisjonerast eller oppgraderast og få forlenga levetid. Berre to nye reaktor er under bygging.  Bygginga har teke meir tid enn planlagt og kostnadane har auka med 4,6 gonger den planlagde summen.

Dei siste meldingane om oppryddinga i Hanford er ikkje positive. Bygginga av det nye vitrifiseringanlegget som er planlagt å handsame det meste av innhaldet i tankane med høgaktivt, flytande, radioaktivt avfall starta i 2000 med ein estimert kostnad på 4,3 milliardar USD. I dag reknar ein med at det vil koste mellom 33 og 42 milliardar USD. Det blir søkt Biden administrasjonen om ein årleg auke på 1 milliard USD til miljøopprydding i Hanford.

Kjelder:

  • Andrew: The Legasy of nuclear power, Earthscon Routledge, 2017
  • Jean-Marc Royer: Le monde comme projet Manhattan, Le passager clandestin, 2017
  • Kate Brown: Plutopia, Oxford University Press, 2013
  • The Spokesman-Review (27.08.2022)
  • The World Nuclear Industry Status Report 2021

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s