Halvparten av dei franske atomreaktorane er ute av drift i september 2022. 28 av dei 56 atomreaktorane er stansa. For ein del av dei dreiar det seg om vedlikehald, men 12 av dei kan bli verande ned stengde i fleire år på grunn av problem med korrosjon
No når Europa opplever ei energikrise som gir oss grunn til å frykte store problem til vinteren, er Frankrike avhengig av å produsere 70 prosent av sin elektriske straum med atomkraft.
Eit av problema som er oppdaga er korrosjon på den nye generasjonen av reaktorar. EDF har funne ut at dette ikkje har noko med alder å gjere, men finst hos dei yngste reaktorane. For å oppnå økonomiske fordeler har EDF bygd stadig større reaktorar med stadig lenger røyr. Og desse er meit utsette for korrosjon. Reparasjonen kan ta fleire år.
Eva Solfrid Fidjestøl har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Ho har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag på Lærarhøgskulen i Bergen.
Eva Fidjestøl har lenge vore aktiv i miljørørsla. blant anna som medlem i Nei til Atomvåpen, Naturvernforbundet og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) i mange år.
Eva Fidjestøl var med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkte Kviterussland og dei radioaktive sonene i landet 12 gonger i den perioden.
Eva Fidjestøl er med i referansegruppa til Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND) som har til oppgave å avvikle dei norske atomanlegge og handtere avfallet frå norsk atomforskning.
Vis alle innlegg etter evafidjestol