Studietur til SKB og Studsvik i Sverige i mai 2022

I tida 3. til 5. mai 2022 var fire personar frå Norsk nukleær dekommisjonering (NND) i lag med åtte frå NGO-gruppa til NND på studietur til nukleære anlegg i Sverige.

Kjernekraft i Sverige

Sverige har fire kjernekraftverk, Barsebäk (to stengde reaktorar), Oskarshamn (to stengde og ein i drift), Ringhals (to stengde og to i drift) og Forsmark (tre i drift). I alt er det i Sverige seks kjernereaktorar i drift med ei planlagd levetid til etter 2040.

Dei anlegga vi besøkte:

  1. Svensk kärnbränselhåndtering AB (SKB), Oskarshamn
  2. Kapsellaboratoriet
  3. Clab (Centralt mellanlager för använt kärnbränsle)
  4. Äspölaboratoriet
  5. M/S Sigrid
  6. Studsvik

SKB i Oskarshamn

Vi blei mottekne i informasjonslokalet hos SKB i Kapsellaboratoriet i Oskarshamn. SKB vart oppretta i 1973 av kjernekraftprodusentane. SKB har som oppdrag å ta hand om alt det radioaktive avfallet frå dei svenske kjernekraftverka, eit av Sveriges største miljøvernprosjekt.

Etter fleire tiår med forsking og tryggleiksarbeid er dei no klare for å starte tre prosjekt:

a) I Forsmark vil dei bygge det lenge planlagde endelagert for brukt kjernebrensel;

b) utvide SFR, sluttlageret for kortliva radioaktivt avfall, slik at det blir plass til rivningsavfall; og

c) eit nytt innkapslingsanlegg i Oskarshamn for det brukte kjernebrenselet.

Desse tre store byggeprosjekta vil koste 19 milliardar svenske kroner og gi 1500 arbeidsplassar. Svensk kärnbränselhåndtering AB, er hovedsaklig finansiert av avgiften dei svenske kjernekraftverka har betalt inn til Kärnavfallsfondet for å ta hand om brukt brensel og  riving av kraftverka. Det svenske strålevernet granskar og kontrollerer SKB.

Canister laboratory

I dette laboratoriet blir det forska på innkapslingsmetodar for dei brukte brenselstavane. Dei har valt fem meter lange koparrøyr med ein meter i diameter og 5 centimeter tjukke vegger. Botten og lok blir festa med ein spesiell teknikk, friksjonssveising. Dette hadde dei forska mykje på i samarbeid med Finland. Denne teknikken demonstrerte dei for oss. Dette var ikkje eit kjerneteknisk anlegg, men meir ein mekanisk verkstad.

CLAB

CLAB er eit mellomlager for brukt kjernebrensel som ligg ved kjernekraftverket i Oskarshamn. Eit svært besøkskontrollert område med bevæpna vakt i inngangen. Etter fem år i reaktorkjernen blir brenselsstavane bytta ut og lagt til kjøling i eit år ved kjernekraftverket. Så blir dei plasserte i CLAB i eit basseng med vatn 30 meter under jorda. I dag ligg det 7500 tonn der og det kan berre ta imot 8000 tonn. I 2015 søkte dei om å utvide til 11000 tonn. Det kan bli fullt før deponiet i Forsmark er ferdig. Brenselet ligg trygt her under tilsyn, men det trengs eit trygt lager for 100 000 år utan tilsyn. Planen er at når deponiet i Forsmark og innkappslingsanlegget ved sida av CLAB er ferdige, så skal dei levere 200 fylte koparkapslar kvart år for vidare transport med M/S Sigrid til deponiet i Forsmark.

Äspö

Âspö er eit unikt underjordisk berglaboratorium, eit testlaboratorium. Det liknar det deponiet ein skal bygge i Forsmark. Her er tunellar, hallar, koparkapslar, bentonittleire og store maskiner. Berre kjernebrenselet manglar. Ein stor del av forskinga omkring sluttforvaring av brukt kjernebrensel  har gått, og går føre seg her. Det blir testa ulike tekniske løysingar i full skala og i det rette miljøet. I heile verda finst det berre eit fåtal  liknande laboratorium. På nesten 500 meters djup gjennomfører svenskane eksperiment i samarbeid med internasjonale ekspertar. Forskinga går ut på å finne ut korleis bentonittleiren og koparkapslane samverkar med fjellet og korleis fjellet verkar som ein tredje barriere etter kopar og bentonitt.

Vi kom ned med ein heis i to etasjar, med rare lydar og risting, til -340 meter. Derifrå gjekk vi ned til -450 meter og tok til slutt heis opp igjen derifrå. Ikkje anbefalt for folk med klaustrofobi og andre fobiar.

Åse Berg og Eva Fidjestøl på studietur med NND

M/S SIGRID

M/S Sigrid, spesialskip for frakt av radioaktive stoff, kom til Sverige i 2013 for å erstatte Signy som var blitt for gamal. Sigrid vart bygd i Romania frå 2011- 2013. M/S Sigrid transporterer radioaktivt avfall og brukt atombrensel frå dei svenske kjernekraftverka til SKB sine anlegg i Oskarshamn og Forsmark. Det låge og mellom radioaktive avfallet blir transportert til deponiet for den typen avfall, SFR i Forsmark. Det brukte kjernebrenselet blir transportert til mellomlageret for brukt brensel, CLAB i Oskarshamn. Når deponiet i Forsmark ein gong er ferdig vil M/S Sigrid transportere det vidare dit. Materialet i båten vernar mot stråling og det er kjøleanlegg for det radioaktive avfallet. Vi såg M/S Sigrid ved brygga, men fekk ikkje lov til å fotografere. Det eksistere eit hemmeleg program som trer i kraft dersom Sigrid blir utsett for ulukker eller terror.

Studsvik

Studsvik er eit globalt aksjeselskap med hovedbase i Sverige. Anlegget Studsvik ligg 28 km frå Nyköping  og 100 km sør for Stockholm. Studsvik starta i Sverige, men har i over 70 år  utvikla seg til eit globalt selskap og har no kontor også i Tyskland, Sveits, Storbritannia, USA, Japan og Kina.

Studsvik er leiande leverandør for atomindustrien innanfor områda strålevern, dekommisjonering, demontering og dekontaminering. Dei arbeider med prosessar for handtering av radioaktivt avfall, masse- og volumreduksjon av dette, og leverer verktøy, analysar og teknologi for å optimalisere ytinga til kjernebrensel og reaktorar.  

Det var her Åse og eg kunne fått beslaglagt våre telefoner ettersom vi frå parkeringsplassen tok bilde av inngangsporten. Strengt forbudt å fotografere! Ei vakt kom, to andre blei tilkalla. Vi sletta bilda og slapp inn. Strengt fotoforbud, men vi hadde tatt bilde før vi skreiv under erklæringa om oppførsel på anlegget. Vi fekk utdelt våre personlege adgangskort og kodar etter passkontroll.

Vi besøkte m.a. Hotcelle laboratoriet der vi fekk vite litt om korleis brukt brensel blei handtert. Vi gjekk forbi ein brønn der det brukte brenselet frå Ringhals låg. Vi fekk også ei utgreiing om kva dei kunne gjere med det norske problemavfallet, med tre tonn metallisk uran frå JEEP 1 på Kjeller, dersom dei skulle få det oppdraget: Mulige transportbehaldarar for frakt frå Kjeller til Studsvik, testeoppbygginga av det lukka «stråleteltet» for oksidering av det metalliske norske brenselet, og korleis dei kunne oppbevare det. Her kunne vi hatt meir tid og anledning til å stille fleire spørsmål.

Takk til NND for ein fint organisert studietur! Vi fekk veldig mykje ut av desse to dagane.  

I Sverige har organisasjonar som Miljøorganisasjonarnas kärnavfallsgranskning, Naturskyddsföreningen og andre i mange år kritisert dei planane SKB har gått inn for når det gjeld det brukte reaktorbrenselet. Også etter det siste vedtaket i den svenske regjeringa 27. januar 2022, som tillet SKB å starte bygging på dei planlagde anlegga i Oskarshamn og Forsmark, ønskjer desse organisasjonane at regjeringa si avgjerd må prøvast på nytt. Nokre av argumenta deira er at koparkapslane, som det brukte brenselet skal lagrast i, ikkje kan stå i mot kopparkorrosjon og andre nedbrytande prosessar i ein så lang tidsperiode, valet av plass så nær Østersjøen er uheldig og det er risiko for jordskjelv.

Det er klokt av NND å ta med dei norske NGOane, som er imot kjernekraft, i eit samarbeid frå starten av oppdraget å dekommisjonere dei norske reaktorane og lagre og deponere alt norsk radioaktivt avfall. Hadde nokon av oss fått det som vi har ønska, så hadde vi ikkje hatt dette problemavfallet i dag. Men no har vi det, og det er vår generasjon si oppgåve å starte opprydding og deponering av det. Det er positivt at NGOane og NND kan dele kunnskap og lytte til kvarandre slik at vi slepp demonstrasjonar og protestar i ettertid, noko som kan forlenge og fordyre heile prosessen. Det er kanskje også ein lærdom å ta med seg frå studieturen til Sverige?

1 kommentar

  1. Takk for en viktig betraktning: Det er klokt av NND å ta med dei norske NGOane, som er imot kjernekraft, i eit samarbeid frå starten av oppdraget å dekommisjonere dei norske reaktorane og lagre og deponere alt norsk radioaktivt avfall. … Det er positivt at NGOane og NND kan dele kunnskap og lytte til kvarandre slik at vi slepp demonstrasjonar og protestar i ettertid, noko som kan forlenge og fordyre heile prosessen.
    Ja, det er viktig lærdom å ta med seg fra Sverige!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s