The United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radiation, UNSCEAR

I 1954 testa USA si første hydrogenbombe med namnet Bravo på Bikini på Marshallsøyane og demonstrerte at eit atomvåpen med uavgrensa kraft kunne byggast. Bravo var omkring tusen gonger sterkare enn Hiroshimabomba. Det var i samband med dette at president Dwight Eisenhower held si tale om «Peaceful Atom» i FN.  Dette førde til utvikling av både den militære og sivile atomindustrien i USA.

Sivil atomenergi vart lansert som løysinga på verda sitt energibehov, også for dei fattige landa. Energien skulle bli så billeg at det blei unødvendig å måle forbruket. FN reagerte på dette med å opprette «The United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radiation» (UNSCEAR). Denne organisasjonen fekk som oppgåve å «vurdere og rapportere nivå og effektar av eksponering frå ioniserande stråling».

I følgje UNSCEAR si webside er «regjeringar og organisasjonar over heile verda avhengige av komiteen sine vurderingar som vitskapleg basis for evaluering av strålingsrisiko og etablering av strålevern». UNSCEAR blei danna som ein ekspertkomite prega av fysikarar, som på den tida var dei som hadde instrument som kunne måle radioaktivitet. UNSCEAR blei dermed i stor grad ein organisasjon prega av dei same ekspertane som arbeidde i atomindustrien og som målte og rapporterte radioaktivitet. Mange av desse hadde som utgangspunkt at låge verdiar av stråling ikkje var skadeleg. I dag har komiteen ekspertar oppnemnd frå 27 land.

Komiteen hevdar sjølv på sine heimesider at medlemmene ikkje er partiske. Fleire personar er likevel medlemmer i ICRP og UNSCEAR samtidig. Det betyr at dei same personane er med å bestemme både reglane for strålevern og den vitskaplege vurderinga  av skadeverknad. Det er uvanleg at ein industri får våke over seg sjølv på samme måte som atomindustrien fortsatt får.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s