The World Health Organization (WHO) blei oppretta av FN alt i 1948. Ein skulle trudd at alle dei nye atomorganisasjonane ville vende seg til medisinarane i WHO for å be om hjelp og samarbeid med å vurdere strålingsrisiko. Det gjorde dei aldri. Det var ICRP som fekk den oppgåva. WHO fekk inga rolle i å vurdere helsekonsekvensane frå denne nye globale trusselen for menneske og økologiske system. Deira rolle blei å pleie offera, og ikkje arbeide med, og prøve å forstå årsakene til sjukdom og skadar som vart observerte. I starten var det ei interessekonflikt mellom WHO, som hadde som mandat å ta vare på helsa til verdsbefolkninga, og IAEA, som hadde som mandat å spreie sivil atomteknologi til heile verda.
Skremde av dei atmosfæriske atomtestane kalla WHO i 1957 kjende genetikarar saman til ein konferanse for å vurdere skaden denne eksponeringa for radioaktiv stråling kunne påføre genpolen til menneske, dyr og planter. Professor Hermann Müller, som fekk Nobelpris i 1944 for sitt arbeid med bestråling av bananfluger, deltok på konferansen. Han, saman med dei andre genetikarane som deltok på konferansen, åtvara sterkt mot å utvide atomteknologien for sivilt bruk. Dei konkluderte med at det ikkje var nok informasjon tilgjengeleg i den vitskaplege verda til å garantere at ikkje framtidas generasjonar ville bli skada dersom eksponering for radioaktiv stråling auka.
Denne konflikta mellom dei som ønskjer å utvikle den nye atomteknologien for både sivil og militær bruk og dei som hadde ansvar for folkehelsa, blei løyst med ei avtale (Res. WHO 12-40, 28. May 1959) som slo fast at IAEA og WHO var einige om å dele ansvaret og arbeidsområde når det gjalt atomenergi.
«The IAEA has the primary responsibility for encouraging, assisting and coordinating research on, and development and practical applications of, atomic energy for peaceful uses troughout the world without prejudice to the right of the WHO to concern itself promoting, developing, assisting and coordinating international health work, including research in all its aspects.» […] «Whenever either organization proposes to initiate a programme or activity on a subject in wich the other organization has or may have a substantial interest, the first party shall consult with the other with a view to adjusting the matter by mutual consent»
Dette har ført til at IAEA har hatt hovudansvaret for å evaluere Tsjernobyulukka og andre atomulukker, mens dei helseprofesjonelle i WHO har blitt hindra i å spele ei sjølvstendig rolle.
Kritikk av WHO
Mange internasjonale NGOar som vår eigen WILPF-IKFF krev ein revisjon av avtalen WHO/IAEA slik at WHO kan fungere som den koordinerande autoritet på internasjonalt helsearbeid, oppmuntre og leie forsking og skaffe informasjon, råd og assistanse på området helse, også innan fagområdet stråling og helse.
Også tilsette i WHO har gått ut med denne type kritikk etter dei har slutta i organisasjonen, som den tidlegare generalsekretær i WHO, Hiroshi Nakajima. Han sa i eit intervju i Kiev i 2001 at det var IAEA som stansa den lenge etterspurde rapporten frå Tsjernobylkonferansen i Genève i 1995. Dette sa han i eit intervju med Suisse Télévision TSI, som er tilgjengeleg i opptak.
Dr. Keith Baverstock var spesialist på lågdosestråling og helse i WHO i 11 år. I 2001 gjorde han saman med to kollegaer ferdig ein rapport om helseeffekten av bruk av utarma uran (DU) i Irak. Rapporten vart aldri publisert. Tre år etter, då Baverstock hadde slutta i WHO, sa han i eit intervju i Sunday Herald 22 February 2004, at han mistenkte at det var IAEA som hadde pressa WHO til å stanse denne rapporten: «because they did not like our conclusions».
I mange år har internasjonale organisasjonar som WILPF og Legar mot atomkrig (IPPNW) skrive brev til WHO og møtt opp ved dei årlege WHA-møta i Genéve med krav om at avtalen mellom WHO og IAEA må endrast, slik at WHO kan bli fri til å arbeide sjølvstendig med eit av dei største helseproblem i vår tid. Frå Tsjernobyldagen 26. april i 2007 til same dato året etter stod det ei gruppe menneske utanfor WHO sitt hovudkvarter kvar dag med plakatar med dette kravet.

Så flott alt du har skrevet. Disse demonstrasjonene utenfor WHO pågikk helt fram til 26. april 2017. Hver arbeidsdag. Ikke bare ett år som du skriver i teksten, 10 år! Du får sikkert hjelp til å rette det. Jeg brukte bildet ditt i foredraget mitt og snakket litt om disse demonstrasjonene. Fant også siden deres. https://independentwho.org/en/
Hilsen Åse
LikerLiker
Verden idag har INGEN uavhengig organsisasjon der medisinere fritt kan gi sine vurderinger og anbefalinger på faglig grunnlag, når det gjelder radioaktiv stråling og helse. Takk for fin og oversiktlig sammenfatning av denne tragiske situasjonen – i en tid da Ukraina krigen brått fikk oss til å kjenne på redselen for både atomkrig og radioaktive lekkasjer fra atomkraftverk.
LikerLiker