International Commission on Radiological Protection (ICRP) er ei vidareutvikling av den internasjonale kommisjonen som frå 1928 verna og laga reglar for dei som arbeidde med røntgen og radium, the US National Council on Radiation Protection (NCRP).
Historie
ICRP vart oppretta like etter at USA starta prøvesprenging av atomvåpen i Nevada i 1951. I store delar av Nord Amerika blei det i 1950 åra anlagd delar av ein atombombefabrikk med urangruver, anrikingsanlegg, brenselsfabrikkar, atomreaktorar, reprosesseringsanlegg og mange anlegg for å produsere dei ulike komponentane i atombombene. Det blei nødvendig å sikre samarbeidet med det sivile samfunnet, men både den militære og den sivile industrien var prega av at det starta som militærforsking i krigstid.
Før andre verdskrigen var det medisinarar som leia og utvikla arbeidet med strålevern, men etter Manhattan-prosjektet for å bygge dei første atombombene, var det fysikarane som overtok. Av omsyn til nasjonal tryggleik blei ICRP danna slik at medlemmene sjølve skulle både velje å supplere kvarandre og avgjere lengda på medlemskapet. Ingen profesjonell organisasjon, ikkje ein gong Verdas helseorganisasjon (WHO) kan få representantar inn i hovudkomiteen i ICRP, som i dag gir retningslinjer for alt internasjonalt strålevern.
ICRP set opp dosegrenser for arbeidarar i atomindustrien og for vanlege folk, som nasjonane er frie til å implementere eller ikkje. Dei aller fleste land godtek ICRP sine anbefalingar, sidan dei sjølve ikkje har ekspertise eller ressursar til å utvikle sine eigne standarar.
Anbefalingane til ICRP er bygde på vurderingar mellom risiko og nytte, og gir seg ikkje ut for å vere baserte berre på ( eller primært) på vern av helsa til folk. I retningslinjene til ICRP er dette formulert slik: «The main objective of the Commission´s recommendations is to provide an appropriate standard of protection for man without unduly limiting the beneficial practices giving rise to radiation exposure».
Alle medlemmene i ICRP representerer miljø som brukar stråling. Kommisjonen har aldri vore under kontroll av helseprofesjonelle og er ikkje ei gruppe av uavhengige vitskaplege ekspertar. ICRP har aldri teke parti for offera for bombetesting, atomulukker eller eksperimentering der menneske blei påført stråling og radioaktive stoff. Dette siste gjekk føre seg i USA i stor grad i tidsrommet 1944 til 1974.
Då reglane for strålevern først vart utvikla, var det atomkrigen ein planla og frykta. Grenseverdiane for radioaktiv stråling vart fastsette for å verne soldatane og finne ut kor mykje dei tolte utan å bli stridsudyktige. Hovudstraumen av forsking var ikkje oppteken av rapportane om spontanabortar, barn med låg fødselsvekt, auke i barnedød og medfødde misdanningar som følgje av eksponering frå radioaktivitet.
Dei første anbefalingane til ICRP var at menneske kunne utsettast for ei stråling på 150 mSv pr.år. Dette vart redusert til 50 mSv for arbeidarar i atomindustrien og 5 mSv til vanlege folk. Denne grensa sto fast til 1990, då presset frå meir enn 700 forskarar og legar førde til ein ny reduksjon. Rosalie Bertell, som var medlem i WILPF, var ei av leiarane i denne aksjonen. I dag er grensene 20 mSv/år for arbeidarar i atomindustrien og 1 mSv/år for vanlege folk. Dei fleste er i dag einige om at desse grenseverdiane er brukbare for ytre stråling men gir heilt feil resultat for indre stråling, den stråling vi blir utsette for når vi får radioaktive stoff inn i kroppen gjennom mat, drikke og innpust.
Frå antiatom-organisasjonane og uavhengige forskarar blir ICRP kritisert for mange ting, mellom anna for å representere og verne atomindustrien, bruke ein utdatert modell for utrekning av stråledosar, og for å bygge einsidig på Hiroshima-granskingane, The Life Span Study (LSS).