International Atomic Energy Agency, IAEA

I 1957, også som reaksjon på Eisenhowers «Peaceful Atom» tale, oppretta FN organisasjonen  International Atomic Energy Agency (IAEA), som er omtala som «ein uavhengig vitskaps- og teknologibasert organisasjon i FN-familien.

Mandatet til IAEA er formulert slik i artikkel II i organisasjonen sine statutt:

«The agency shall seek to accelerate and enlarge the contribution of atomic energy to peace, health and prosperity throughout the world. It shall ensure, so far as it is able, that assistance provided by it or at its requestors under its supervision or control is not used in such way as to further any military purpose.»

Organisasjonen fekk ikkje mandat til å hjelpe dei fem eksisterande atomvåpenmaktene, USA, Russland, Kina, Frankrike og England.

Sidan IAEA fekk som oppgåve å overvake spreiing av atomvåpen skal dei rapportere direkte til FN’s Sikkerheitsråd og har derfor ein høgare status enn mange av dei andre organisasjonane til FN.

IAEA har også fått ei hovudrolle i rapportering og vurdering av atomulukker. I 2005 fekk IAEA saman med den dåverande leiaren El Baradei Nobels fredspris for den måten dei hadde handsama kontrollen av atomvåpenspreiing på.

Når det gjeld grenseverdiar for stråling og standarar for tryggleik brukar IAEA retningslinjene til ICRP. På websida til IAEA står det: «This fundamental safety objective of protecting the environment has to be achieved without unduly limiting the operation of facilities or the conduct of activities that give rise to radiation risks (IAEA, 2006). Det betyr i praksis at vern av natur og menneske mot skadelig stråling blir vege opp mot interessa for vidare utvikling av atomindustrien.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s