For tida kjem det forslag om å definere kjernekraft som grøn energi frå mange kantar. Mange slit med å finne dei gode motargumenta, ofte på grunn av manglande kunnskap. Her kjem eit tilbod om 100 kunnskapsbaserte argument mot kjernekraft. Elektrizitäts Werke Schönau i Tyskland ga i 2009 ut eit hefte: «100 gute gründe gegen atomkraft». No har dei oppdatert dette og du finn det på denne linken: https://www.100-gute-gruende.de/gruende/ Dersom du opnar linken til denne tyske sida i Google Chrome og trykke på eit lite symbol oppe til høgre får du teksten omsett til norsk.
Eva Solfrid Fidjestøl har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Ho har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag på Lærarhøgskulen i Bergen.
Eva Fidjestøl har lenge vore aktiv i miljørørsla. blant anna som medlem i Nei til Atomvåpen, Naturvernforbundet og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) i mange år.
Eva Fidjestøl var med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkte Kviterussland og dei radioaktive sonene i landet 12 gonger i den perioden.
Eva Fidjestøl er med i referansegruppa til Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND) som har til oppgave å avvikle dei norske atomanlegge og handtere avfallet frå norsk atomforskning.
Vis alle innlegg etter evafidjestol