
I meir enn 40 år har Alice Stewart, som forskar innan epidemiologi, utfordra dei offisielle vurderingane om helserisiko frå ioniserande stråling. I 50-åra alarmerte forskinga hennar den medisinske profesjonen då ho påviste samanheng mellom røntgen av gravide og sjukdom hos barna. Entusiasmen for atomteknologi var på høgda i 1950-åra og røntgen vart brukt til alt mogeleg frå fjerning av kviser til prøving av sko. Stewart sa at røntgen var favoritt leiketøyet til den medisinske profesjonen.
Regjeringane i USA og England investerte i atomvåpenproduksjon og støtte til sivil atomenergi, og det var liten vilje til å godta at ioniserande stråling var så farleg som Steward påstod. Ho fekk ikkje forskingsstipend i England men blei støtta av private og organisasjonar. I 1970 fekk ho i samarbeid med statistikaren, George Kneale inn artikkelen «The Oxford Survey of Childhood Cancer» i eit medisinsk tidsskrift. Dette førde til nye reglar for bruk av røntgen, og det blei slutt på praksisen med å ta røntgenbilete av gravide kvinner. Alice Stewart blei ei av heltane i anti-atomrørsla og var ofte brukt som vitne mot bygging av atomanlegg eller dumping av atomavfall, og for å støtte offer for atomulukker i rettssaker. Då ho var 80 år, fekk ho den alternative fredsprisen (The Right Livelihood Award). I alle åra ho samarbeidde med aktivistar i USA og England, insisterte ho på at det var forskar ho var, ikkje aktivist. Ho publiserte meir enn 400 artiklar i vitskaplege journalar. I 1986 fekk ho eit stipend på 1,4 millionar USD frå aktivistgrupper for å studere effekten av lågdosestråling. I mange år etterpå måtte ho kjempe for å få tilgang til den statistikken ho hadde bruk for. Då det endeleg lukkast, stod det på første side i The New York Times at dette var ein seier for den vitskaplege fridomen.
Alice Stewart heldt fram med å publisere etter fylte 90 år. «Sanninga er tida si dotter» sa ho, «det hjelp å leve lenge på dette fagfeltet, sidan sanninga kjem langsamt fram i ein slik politisk periode». Ho levde lenge nok til å sjå at vitskapen om radioaktiv stråling bevega seg i hennar retning, sjølv om det var eit stykke igjen.