Atomkraft og CO2-utslepp

Klimaendring og menneskeskapt CO2 – utslepp er eit globalt problem. Det blir i dag hevda frå mange hald at atomkraft må vere ein del av løysinga på problemet.
I Monitor frå 1. juli 2021 skriv J. W. Storm ein artikkel der han grundig gjer greie for CO2 – utslepp frå atomindustrien. Han referer til ein større studie som er basert på data frå atomindustrien og frå urangruvekompani.1
Atomkraft blir av mange heva å vere fri, eller nesten fri, for klimagassutslepp og derfor sett på som ein del av energimiksen i eit berekraftig samfunn. Men dette er feil. Sjølve atomreaktoren i den perioden han er i drift, slepp ikkje ut CO2 gass, men det gjer alle dei andre anlegga som må til for å produsere straum frå fissilt materiale. Det er derfor viktig å ta med utslepp som involvere heile prosessen frå urangruve, produksjon av uranmalm, anrikingsanlegg, brenselsfabrikk, lagring av brukt brensel, opparbeiding av brukt brensel og bygging og drift av kjølelager, mellomlager og deponi. I tillegg kjem produksjon av sement, betong og metall og transportar mellom land og kontinent, og bygging av jernbaner og vegar. Derfor er det viktig å trekke eit skilje mellom CO2 utslepp frå ein atomreaktor som berre tek med utslepp frå sjølve reaktoren under drift, og utsleppa som tek med summen av alle spesifikke utslepp frå kvar prosess i kjeda. Dette kan reknast ut på basis av fysiske og kjemiske data. Og det er dette talet ein må gi opp når ein snakkar om klimagass bidraget frå atomkraft.
Bidraget til klimagassutslepp frå urangruvedrift varierer også med den fysiske og kjemiske kvaliteten av uranmalmen. CO2 – utsleppa frå gruvene vil auke med tida. Når graden av tilgjengeleg uranmalm kjem under ein bestemd verdi kan det ikkje produserast meir energi enn det som blir brukt til å utvinne malmen. Då er ikkje uran ein resurs lenger. Ein moderne atomreaktor på 1GW treng kvart år omtrent 175 tonn natururan. Uranmalm som blir brukt i dag inneheld berre nokre få promille med uran. Verdas atomreaktorflåte produserer omkring 371 GW. Det betyr at det årlege verdsforbruket er omkring 65 000 tonn med natururan og at verda har nok uran for 77 år med det noverande forbruket.
Omtrent tredjedelen av brenselet i reaktoren må kvart år bytast ut med nytt. Det brukte brenselet har sidan 1940-åra i alle atomland venta i sårbare mellomlager på sikre deponi for endeleg isolasjon frå biosfæren. Det har heile tida blitt sagt at dette vil vitskapen løyse i framtida. Men no er framtida her og problemet er ikkje løyst, og det må løysast av vår generasjon. Dette krev pakking av avfallet i eigna behaldarar, og konstruksjon av depot djupt nede i stabile geologiske formasjonar, som til dømes granitt. Dette er den minst dårlege av dei løysingane på dette problemet som dagens ekspertar på området har samla seg om.
Ei stor oppgåve til som ventar på ei løysing i alle atomland er nedbygging av atomkraftverk og andre atomanlegg når dei har nådd den tekniske levetida. Det betyr at det er umogeleg eller for dyrt å reparere dei. For kvar atomreaktor representerer denne dekommisjoneringa ei mengd på omkring 55 000 tonn radioaktivt avfall. I mange tilfelle kjem som tillegg eit stort volum av radioaktiv forureina jord som må fjernast frå tomta. Dette har blitt til på grunn av lekkasjar av små mengder med radioaktive stoff frå hendingar under livslaupet til reaktoren.

Sidan 1960 åra har konstruksjonskostnader og byggetid til nye atomreaktorar per MW auka til tross for teknisk utvikling. Den noverande erfaringa med konstruksjon av atomreaktorane i Europa er ikkje lovande. Bygginga av dei nye EPR-reaktorane i Olkiluoto (Finland) med byggestart i 2005 og Flamanville (Frankrike) med byggestart i 2007 er enno ikkje ferdige.
Konklusjonen må bli:
Energikjelda til atomkraft er eit mineral i jordskorpa, uran. Eit intrikat system av industrielle prosessar er nødvendige for å konvertere energien i dette mineralet til brukbar energi, og handtere det uunngåelege radioaktive avfallet. Kvar atomreaktor skapar kvart år ei mengd menneskeskapt radioaktivitet ekvivalent med mange Hiroshima-bomber. Utan kjeda av prosessar skildra ovanfor ville atomkraft vere umogeleg å utnytte, og utan atomkraft ville desse prosessane ikkje eksistert. CO2 utsleppa frå alle desse prosessane utgjer til saman CO2 utsleppa frå atomindustrien.
«Når det gjeld atomkraft har vi i Öko – Institut Freiburg, som vart grunnlagt for over 40 år sidan, kome langt.» Dette sa Jan Peter Schemmel, talsmann for leiinga i instituttet nyleg.2
Han sa vidare: «Tyskland har no vedteke å stanse dei siste atomreaktorane neste år. Leiting etter eit deponi for det brukte brenselet er i gang, ein prosess der også ekspertisen i vårt institutt er med. Våre forskarar var med for over fire tiår sidan med dei første uavhengige vitskaplege arbeida som antiatomrørsla kunne støtte seg på. I dag bidreg våre uavhengige ekspertar inn i debatten og dei politiske prosessane omkring arbeidet med å finne eit endelager for det tyske atomavfallet. Vi står framfor ei skremmande oppgåve: Å bygge eit deponi der høgradioaktivt avfall kan ligge trykt i minst ein million år. Atomenergi blei teken i bruk utan at problemet med kva ein skulle gjere med alt avfallet var klargjort. Det er ein feil vi ikkje må gjere om igjen – og eit eksempel vi må lære av, slik at vi ikkje når vi tek i bruk nye teknologiar gjer liknande feil om igjen. Vi må ha auge på verknadane sjølv om nye teknologiar ved første blikk ser framtidsretta ut. Dette har vi i Öko Institut prøvd i 40 år og vi vil halde fram med det.»
Franske antiatom-aktivistar skriv i ei brosjyre om Ciégo deponiet som er planlagt i Nord-Frankrike for å ta imot alt det brukte brenselet frå franske atomkraftverk. «Viktig å omdefiere kva ein ventar av grøn, rein og varig energi. Den elektriske bilen som går på atomstraum. Er det absurd?»3

  1. https://www.stormsmith.nl/Resources/m18lifecyclenuclCO2-20190913F.pdf
  2. https://www.oeko.de
  3. http://www.burestop.eu
    Eva Fidjestøl

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s