Atomtransportar i Frankrike

Kartet under viser transportar av radioaktivt materiale med båt, jernbane og bil i Frankrike. Frankrike er atomland nummer ein med 58 reaktorar og ca. 70 prosent atomstraum. USA har omkring 100 reaktorar men berre 20 prosent av straumen kjem frå atomkraft.

På kartet er det teikna inn seks ulike reiseruter frå utlandet og gjennom landet.

  1. Til desse hamnebyane i Normandi og ved Middelhavet kjem det båtar frå urangruver i utlandet lasta med konsentrert natur uranmineral, såkalla Yellow Cake.
  2. Yello Cake blir transportert med tog frå Le Havre i Normandi til Malvési ved Middelhavet (gul linje), der uranet blir transformert til UF4 (uranheksafluorid).
  3. UF4 blir deretter transportert med lastebil til fabrikken Comhurex de Pierrelatte. Der blir UF4 transformert til UF6 (uranheksafluorid).
  4. I fabrikken Georges Besse i Pierrelatte blir uranet i UF6 anrika.
  5. Den anrika gassen UF6 blir sendt med lastebil til fabrikken FBFC i Romans-sur -Isère. Her blir brennstoff-stavane til atomreaktorane produserte.
  6. Med lastebil blir brennstoffet sendt til alle atomkraftverk i landet.

Etter tre år i reaktoren blir det brukte brenselet bytta ut med nytt. Det brukte brenselet blir transportert med lastebilar og tog til mellomlager og til reprosesseringsanlegg. Dette gjeld også brukt MOX-brensel som inneheld plutonium. Desse transportane er risikofylte og blir følgde av vaktmannskap med våpen og brannsløkkingsutstyr. Slike transportar er ikkje med på dette kartet. (Kjelde: sortirdunucleaire)

2 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s