Lekkasje ved eit nytt kinesisk kjernekraftverk

Det er meldt om lekkasje frå ein av dei nye EPR- atomreaktorane ved Taishan kraftverket i Kina. Denne reaktortypen er teikna av Électrisité de France (EDF) og driven i samarbeid mellom China General Nuclear og EDF. Til tross for plikt til å varsle International Atomic Énergy Agency (IAEA) har den kinesiske sikkerheits-myndigheita ikkje formidla nokon informasjon om emnet. Og franske myndigheiter spør: Kva er omfanget av lekkasjen? Kor lenge har det vara? Kva er nivået av utsleppet til miljøet?

Dette er ein EPR reaktor som er utstyrt med tankar som har dei same produksjonsfeil som er oppdaga på den nye reaktoren under bygging i Flamanville. I Frankrike er dei i dag innanfor atomindustrien plaga med svindel, dårleg handverk og sein rapportering av hendingar. Og kva så med Kina, eit ikkje-demokratisk land med sensur. Kva med tryggleiks-myndigheita si rolle? Og kva tyder det at Kina har heva terskelverdiane for utslepp av radioaktive stoff? Er det for å unngå ned stenging av reaktorar? Dette er spørsmål EDF i Frankrike stiller seg.

Atomkraft er ein farleg teknologi – og endå meir når han blir brukt i ein autoritær stat. Kjelde: (Sortirdunucleaire)

1 kommentar

  1. Takk for viktig opplysning! NÅR er det meldt om lekkasje frå ein av dei nye EPR-atomreaktorane ved Taishan kraftverket i Kina? Hvem melder? Takk for oppklaring!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s