Det er enno 30 år til deponering av høgradioaktivt avfall i Tyskland kan starte. På vegen dit er det mange steg å ta. Det har nyleg komme ein rapport som deler landet i område som kan vurderast vidare for eit deponi i framtida. Denne rapporten peikar på 90 område som i følgje den noverande kunnskapen kan vurderast for eit deponi i framtida. Det blir stilt strenge krav til kvaliteten av fjellet, fråvær av seismiske og vulkanske aktivitetar og andre aktive geologiske prosessar eller grunnvatn, men det vil også bli ei stor oppgåve å sørgje for at resultatet blir støtta og godteke av heile samfunnet.
I siste nummer av Öko-Institut Freiburg sitt medlemsblad skriv talsmann for leiinga av Öko-Institut fylgjande:
« Når det gjeld kjernekraft har vi komme langt – sidan Öko-Institut vart grunnlagt for over 40 år sidan. Avgjerda om å fase ut kjernekraft er teken, og dei siste reaktorane blir stengde ned neste år. Det er no ein vitskapleg basert, gjennomsiktig, deltakande og fleirstegs prosess for søk etter ein deponerings stad for det høgradioaktive avfallet. Våre forskarar sin kompetanse er enno etterspurd. For meir enn fire tiår sidan var dei dei første som gav uavhengige vitskaplege analysar som atommotstandsrørsla kunne stole på. I dag deltek dei med sin uavhengige ekspertise i debatten om deponering av det høgradioaktive avfallet etter 40 år med kjernekraft.
Vi står overfor ei skremmande oppgåve: å opprette eit deponi der sterkt radioaktive avfall kan oppbevarast trygt i minst ein million år. Det er ei oppgåve med høgt potensiale for sosiale konfliktar.
Energiproduksjon blei sett i gang utan at spørsmålet om problema med avfallet var løyst. Det var ein feil som vi ikkje må gjenta og eit varsel om at vi alltid må halde auge med konsekvensane av nye teknologiar, uansett kor framtidsretta og reine dei kan sjå ut som ved første augekast. Noko som Öko-Institut har gjort i over 40 år og vil halde fram med.»
Kjelde: Öko-Institut e.V.