Small Modular Reactor

SMR (Small Modular Reactor) er ein reaktor med liten effekt. Utviklinga av denne typen reaktorar er ikkje noko nytt, men går tilbake til 1950 åra. I dag har interessa for SMR dukka opp igjen og desse reaktorane blir lanserte som sikre og klimavenlege.

Öko-Institut e. V. i Tyskland har nyleg i lag med TU Berlin og Physikerbüro Bremen gitt ut ein rapport om SMR, etter oppdrag frå BASE(Sicherheit der nuklearen Entsorgung). Dei skriv i rapporten at SMR er på alle sine lepper i dag, men det finst ingen internasjonal standardisert definisjon av dette omgrepet. Det går frå dagens lettvatn-reaktorar med liten effekt til nye typar som det er liten eller ingen tidlegare erfaring med. I rapporten er SMR definert slik: «Små modulære reaktorar er reaktorar der ein enkel reaktor har ein effekt på mindre enn 300 MWe eller ein termisk effekt på mindre enn 1000MWth . Reaktorane kan vere både vasskjølte og bruke andre kjølemiddel».

SMR blir lanserte som løysing for å redusere klimagassutsleppa. Men i staden for omkring 400 reaktorar i verda i dag med stor kapasitet, ville ein måtte bygge  mange tusen små. Problema med trygg transport, demontering, mellomlagring og deponering ville auke. På grunn av lågare effekt er byggekostnadane relativt høge og dei må byggast i tusenvis for at det skal lønne seg. Dersom desse små reaktorane blir bygde over heile verda aukar risikoen for bruk til militære formål. Kjelde: Öko-Institut e.V. Freiburg

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s