På grunn av avgjerda i 2000 om å fase ut kjernekraft i Tyskland er Tyskland i dag eit av landa i verda med flest prosjekt og mest erfaring med demontering av kjernefysiske anlegg. For tida blir 22 atomreaktorblokker demonterte. Det er: Rafenrheinfeld, Biblis blokk A og B, Isar 1, Gundremmingen B, Philippsburg 1 og 2, Necarwestheim 1, Unterweser, Brunsbüttel, Mülheim-Kärlich, Stade, Obrigheim, Lingen, Hamm-Uentrop og Würgassen. I tillegg kjem Rheinsberg med ein reaktor og Greifswald med fem frå tidlegare DDR. Løyve til å demontere atomkraftverket i Krümmel er venta. Anlegga Neckarwestheim 2, Isar 2, Gundremmingen C, Brokdorf, Grohnde og Emsland, som har planlagt å avslutte drifta dei neste åra, har alt sendt inn søknad om avvikling og demontering.
Som alternativ til direkte nedbygging brukte ein tidlegare den såkalla «sikre isolering» av eit kjernekraftverk for ein periode på omtrent 30 år før nedbygging. Då håpa ein at radioaktiviteten hadde minka så mykje at ein fekk ei mindre mengde med radioaktivt avfall å handtere. Men så viste det seg at ved nedbygginga var det veldig viktig å ha det personalet som kjende reaktoren og byggehistoria med på arbeidet. Konseptet «sikker isolering» blir no realisert i Lingen og i Hamm-Uentrop.
Etter at den nye Atomlova kom i 2017 blir berre «direkte nedbygging» praktisert i Tyskland. Det har v ist seg å vere både sikrare og meir økonomisk. Dekommisjoneringa har som mål at område i ettertid skal frigjevast og sleppe overvaking av strålevern myndigheiter. Folk frå Öko-institutt Freiburg fylgjer alle desse prosessane som ekspertar og rådgjevarar.
Kjelde: Öko-Institut Freiburg: oeko.de