Ellevte mars 2021 var det ti år sidan atomulukka i Fukushima. Det har vore ti år med fornekting og ein katastrofe som framleis held fram i Japan. Ti år etter ulukka er ikkje situasjonen ved Fukushima Daiichi atomkraftverk under kontroll. Dei ekstremt høge nivåa av radioaktivitet gjer demonteringa av dei skada reaktorane umogeleg. Meir enn 1,2 millionar kubikkmeter med radioaktivt vatn er samla i store tankar på staden. Dette ønskjer styresmaktene å sleppe ut i sjøen. Store deler av det nordøstlege Japan er forureina med Cesium 137. Fleire hundre år må gå før den radioaktive forureininga er borte. Dei øverste jordlaga er skrapa av og lagt i plastsekker, men det er mange «hot spots» igjen som er vanskeleg å få bort. Radioaktive stoff som er avsette i skog og fjell spreier seg igjen med vind og nedbør. Plukkeprodukt og vilt er forureina. Og haugane med plastsekker er det vanskeleg å finne eit deponi til.
Per juni 2020 var det 202 bekrefta tilfelle av skjoldbruskkreft mellom 300 000 barn i Fukushima County, medan det normale er to til tre tilfelle per ein million. Dette er den einaste patologien som blir undersøkt etter ulukka. OL i Tokyo, der nokre av øvingane er planlagde i Fukushima County fungerer som propaganda for at alt er normalt. Atom-lobbyen er på jobb for å bagatellisere konsekvensane av ulukka. Trass i folkeleg motstand vil den japanske regjeringa starte fleire av dei nedstengde reaktorane i landet på nytt.
Mens Fukushima påverka avslutning av atomkraft i mange land, held Frankrike fram med å planlegge bygging av nye atomreaktorar. EDF (Eléctrisité de France), som er sterkt forgjelda, førebur seg på å bygge seks nye EPR, sjølv om dette ikkje er politisk vedteke. Desse reaktorane skal vere ei enklare utgåve av skandalereaktoren i Flamanville i Normandie som er under bygging ti år på overtid.
I solidaritet med offera frå Fukushima og for å minne om at det hastar med ei kursendring vekk frå atomkraft, blei det arrangert demonstrasjonar omkring i heile Frankrike 11. mars 2021.
I Norge arrangerte desse organisasjonane eit nettmøte på Fukushima dagen 2021: Natur og ungdom, Naturvernforbundet, Nei til Atomvåpen og Internasjonal kvinneliga for fred og frihet. Vi viste denne filmen : https://vimeo.com/519341920
Mei stoff om Fukushima her: http://www.sortirdunukleaire.org
Fukushima -10 år etter
