Emmanuel Macron og atomvåpen

Den 8. desember 2020 dukka den franske presidenten Emmanuel Macron opp på Framatom sitt industrianlegg le Creusot i Bourgognes distriktet. Han kom for å annonsere bygging av eit nytt atomdrive hangarskip. Creusot er ein stad kjend for skandalar i den franske atomindustrien. Presidenten uttalte at «denne fabrikken Creusot er eit konsentrat av kvalitetane innan det franske nukleære miljøet». Dei største metalldelane som blir brukte i atomreaktorane og dei atomdrivne skipa blir produserte her. Ved å gi seg til å rose kompetansen til dei som starta denne verksemda og ga løfter om ei strålande framtid, kunne han hevde at «øyeblikka med tvil» var endeleg over. Denne entusiastiske talen var ei oppfordring til kollektivt amnesi. For det var i Creusot dei produserte den defekte tanken til EPR reaktoren som er under konstruksjon i Flamanville. Det var her ein stor forskingsskandale blei oppdaga i 2016. Det galt feil på tusenvis av smådelar. NGOen Sortir du nucléaire sende inn klage på dette i 2016 og det franske Institutt for strålevern og atomsikkerheit (IRSN) har også sendt inn klage. Etter at desse problema vart oppdaga blei produksjonen suspendert to år på rad. Det blei ein intern reorganisasjon, men problema held fram. I juli 2020 påviste IRSN igjen feil på produksjonen.
Ved å rose denne fabrikken, som er kjend for svindel og tap av kompetanse, og ved å bruke orda «øyeblikk med tvil» demonstrerte Macron, at når det gjeld atomindustrien er dei franske leiarane klare til å lukke auga og sjå bort frå røyndomen. Visitten til Macron hadde vore utsett mange gonger på grunn av pandemien, og var etterlengta då han endeleg kom for å markere starten på bygging av eit nytt atomdrive hangarskip. Nokre av komponentane skal fabrikkerast i le Creusot. Det var avgjort å byte ut hangarskipet Charles de Gaulle med eit skip som skulle vere ein og ein halv gong så kraftig, og som skulle takast i bruk i 2038. Skipet skulle koste omkring 7 milliardar Euro. Dette hadde Forsvaret løyva av skattebetalarane sine pengar for å hjelpe ein atomindustri i tilbakegang og med ei krympande ordrebok.
I talen sin sa Macron klart i frå kva han meinte om dette: «Vi må beskytte våre tekniske, teknologiske og industrielle ferdigheiter i heile sektoren for å kunne beskytte vår suverene produksjonskapasitet, både sivil og militær. Utan den sivile atomkrafta, inga militær atomkraft; utan militær atomkraft inga sivil atomkraft.» Ei kynisk anerkjenning av avhengigheit mellom reaktorane og bomba.
På same tid som ein million menneske i landet strevar med fattigdom i helsekrisa skulle ein tru det fanst betre måtar å bruke staten sine pengar på. Dette hangarskipet vil også bety to atomreaktorar til i bruk, med produksjon av farleg avfall og risiko for ulukker. Skipet er planlagt å ha med seg atombomber som kvar av dei er 20 gonger sterkare enn bomba over Hiroshima, og fly til å utføre raske avleveringar.
Han lova også å opprette eit universitet for kjernefysiske yrker for å tiltrekke seg ungdommen, forske vidare på SMR-prosjektet (Small Modular Reactor)og arbeide med planane om nye EPR-reaktorar. «Vi treng ungdommen vår som teknikarar, ingeniørar og forskarar.»
På same tid som Lov om forbod mot atomvåpen har fått nok underskrifter til å tre i kraft som internasjonal lov i februar 2021 – burde Frankrike hatt andre prioritetar enn å sikre transport for dødsmaskiner.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s