Tysdag 2. november sette Kviterussland i drift ein av dei to reaktorane i sitt første atomkraftverk i byen Ostrovets nordaust i landet. Reaktorane er bygde og administrerte av det russiske selskapet Rosatom.
Nabolanda Litauen og Latvia er bekymra. Atomkraftverket skal dekke tredjedelen av straumbehovet til Kviterussland, som har 9, 5 million innbyggarar. Kviterussland opplever for tida si største sosiale og politiske krise sidan frigjeringa frå Sovjet i 1991. Landet er rysta av demonstrasjonar som protestrerer mot gjenvalet av president Alexander Lukashenko i august 2020.
Reaktoren som er teken i bruk er ein såkalla «tredje generasjon» type og den første av denne typen som opererer utafor russiske grenser.
Den litauiske regjeringa har alt fått på plass planar for handling i tilfelle det skjer ulukker ved kraftverket. Dei har delt ut jodtablettar til innbyggarane og opplyst om evakuerings vegar. Dei opplever det nye atomkraftverket som ein trussel mot nasjonal tryggleik.
(EnerGEEK/) Tor. 12. nov.2020