Eksperiment med radioaktivitet på menneske i USA i åra 1944 – 1974

I november 1993 publiserte avisa ”The Albuquerque Tribune” ein serie med artiklar som for første gong offentleggjorde namn på amerikanarar som hadde blitt utsette for eksperiment med det radioaktive stoffet plutonium (Pu), utan å vite om det. Dette fekk store oppslag i amerikansk media, og etter kvart i hele verdspressa. Grunnstoffet plutonium er menneskeskapt og det viktigaste stoffet i atombombeproduksjonen. Amerikanske borgarar blei sjokkerte over at noko slikt hadde skjedd i USA. Det kom fram sterke utsagn om at ”—dette endrar heile sjølvbiletet vårt for alltid.”

Andre hevda at dette var ikkje noko nytt. Materialet hadde vorte publisert før som offisielle vitskaplege rapporter og var trykt i tekniske og vitskaplege tidsskrift. Men då journalisten Eileen Welsome gav et menneskeleg ansikt til det som tidlegare berre hadde vore anonyme data, var det tydeleg at denne kunnskapen ikkje hadde nådd ut til folk før. Ho skrev at mot slutten av 2. verdskrigen hadde legar i USA gitt grupper av sjukehuspasientar sprøyter med plutonium utan å informere pasientane og dei pårørande. Desse injeksjonane var ein del av ei gruppe eksperiment for å finne ut korleis plutonium oppførde seg i menneskekroppen. Eksperimenta og sjølve produksjonen av plutonium vart halde hemmeleg. Eksperimenta blei leia av regjeringa i USA og utførde av universitetsforskarar i Berkeley, Chicago og Rochester. Målet var å få fram informasjon som kunne brukast til å avgrense risikoen for dei tusenvis som arbeidde på laboratoria der dei utvikla atombomba.

Då Havel O´Leary, som var energiminister i USA i 1993, las desse artiklane reagerte ho med ein gang. Energidepartementet er ein direkte etterkomar etter Atomenergikommisjonen, og har dermed røtene sine i dei miljøa som er ansvarlege for utviklinga av atombomba, og også for eksperimenta med plutonium. Under den kalde krigen blei mykje av dette arbeidet utført i gråsona mellom open informasjon og hemmeleghalding. No då den kalde krigen var over, var tida inne til å publisere alt som endå ikkje hadde kome fram om desse eksperimenta, hevda Hazel O´Leary.

Pressa fann snart ut at eksperimenta med plutonium ikkje var dei einaste strålingseksperiment gjort på menneske i perioden 1944 – 74. Frå Massachusetts blei det fortalt om eksperiment på ei gruppe unge ved ein skule for mentalt tilbakeståande. Dei hadde gjennom lenger tid fått små mengder radioaktive isotopar blanda i maten. Frå Ohio dukka det opp informasjon om forsøk ved Cincinnati Universitet som blei støtta økonomisk av forsvarsdepartementet, og som gjekk ut på å granske effekten av ”heilkropps bestråling” av kreftpasientar. I Nordvest fortalde avisene om att historia om korleis Atomenergikommisjonen hadde støtta forskinga som gjekk ut på å bestråle testiklane til fangane i fengsla i Oregon og Washington, for å få fram kunnskap som kunne brukast i regjeringa sitt program. Dette siste hadde det allereie kome ein rapport om i 1986: Edward Markey, ”American Nuclear Guinea Pigs. Three Decades of Radiation Experiments on US Citizens”. Sjølvsagt hadde denne rapporten vekt stor merksemd då han kom, men på dette tidspunktet, seks år etter var han gløymd. Dette er viktig å understreke, for det er eit av dei store problema når ein prøver å presentere stoff som dette. Folk blir oppskaka, men gløymer fort. Men denne gongen blei den gamle rapporten teken fram og sett inn i ein større samanheng.

I november 1993 kom det også ut ein ny rapport der det blei avdekka at fleire regjeringsorgan hadde stått bak planlagde, hemmelege utslepp av radioaktivitet i naturen. Her blei det rapportert om tretten forsøk utførde i Tennessee, Utah, New Mexico og staten Washington. Denne rapporten frå 1993 blei til etter initiativ frå Senator John Glenn. Som tidlegare soldat, astronaut og no senator forstod han godt at det var viktig for landet å forstå og kontrollere atomvåpena og halde dette hemmeleg. Men han fann det likevel ufatteleg at nokon av landet sine forskarar, medisinarar, militære og politiske leiarar godtok at slike eksperiment blei utførde på uvitande folkegrupper, sjølv om den kommunistiske trusselen var på topp.

I tida etter pressekonferansen til energiminister Hazel O`Leary, og all avisskrivinga om desse eksperimenta, blei Energidepartementet nedringt av folk som ville fortelje om eigne og familie og venner sine erfaringar med dette. Det kom spørsmål og klager frå alle kantar, og ingen kunne svare. Mellom andre ble desse spørsmåla ofte stilt: Kor mange eksperiment med radioaktivitet på menneske blei utført? Var det 100 eller 1000? Var alle eksperiment med radioaktivitet på menneske utførde i løyndom, og var nokon av dei enno hemmelege? Korleis blei folk utvalde til slike eksperiment? Kom desse eksperimenta det amerikanske folket til gode gjennom framsteg innanfor legevitskapen og auka evna til læking av sjukdom? Kva gjorde regjeringa og dei forskarane som arbeidde med slike forsøk for å sikre seg at dei involverte menneskja fekk informasjon og fekk høve til å samtykkje? Og til slutt var der også spørsmål om korleis eksperiment med menneske blir utførde i dag. Har praksisen endra seg? Har vi dei rette lovene, og blir dei brukte og handheva?

The President’s Advisory Committee
President Clinton greip inn i denne debatten og peikte sjølv ut medlemane til ein rådgjevande komité (The President’s Advisory Committe) som blei oppretta under den føderale rådgjevande komité lov av 1972. Det førde til at komitémøte og viktige avgjersle skulle skje ope. Komiteen si oppgåve var å komme med råd overfor ”The Human Radiation Interagency Working Group”, ei arbeidsgruppe på ministernivå som har det politiske ansvaret for strålingseksperiment i fortid og nåtid.

Komiteen fekk som mandat å gjennomgå eksperiment utførde mellom 1944 og 1974, og dei blei bedne om å fastsette den etiske og vitskaplege standard som ein kunne bruke til å evaluere dei forsøka som ble utførde før 1974. Dei fekk også i oppdrag å avgjere om (a) det var eit klårt medisinsk eller vitskapleg mål for eksperimenta, (b) om tilpassa medisinsk oppfølging ble utførd, og (c) om utføring og planlegging svara til dei vitskaplege og etiske kriteria som det var konsensus om på den tida. Komiteen ble pålagd å finne svar på mange fundamentale spørsmål: Kva var rolla til den føderale regjeringa ved gjennomføringa av eksperiment med radioaktivitet på menneske i tida 1944-1974, og kva kan vi lære om framtida gjennom gransking av forskingspraksis i fortid og nåtid?

Det folk fortalte
Komiteen lytta til vitnemål frå hundrevis av borgarar. De høyrde på folk som hadde blitt brukte i kontroversielle strålingsforsøk, inkludert plutoniums-injeksjonar, heilkropps-stråling og eksperiment som brukte radioaktive sporstoff på institusjonsbarn. De høyrde på ”atomveteranane”, soldatar som blei sende til punkt null etter atombombetestar, sjøfolk som måtte gå på dekk som var kontaminert med radioaktivt støv, og flygarar som fauk gjennom radioaktive soppskyer. Ofte var det enkene etter desse som blei intervjua.

Dei møtte folk som hadde levd i vindretninga frå atombombetest-områda i Nevada, og i område med planlagde utslepp av radioaktive stoff. Dei hadde samtale med gruvearbeidarar som hadde tent landet i urangruver fylde med radioaktivt støv, innfødde i Alaska som hadde vore forsøkskaninar ved eit militært forskingslaboratorium og folk frå Marshaløyane som blei utsette for radioaktive nedfall etter hydrogenbombetesten i 1954.
Komiteen intervjua også embetsfolk og forskarar som er ansvarlege for menneskeforsøk i dag, og mange av dei som var aktive då den kalde krigen starta. Dei lytta til intellektuelle, kongressmedlemmer og til menneske som ønskte å vere vitne for dei som ikkje kunne snakke lenger. Som eksempel kan nemnast ei kvinne som sat ved dødsleie til ein mann som hadde fått ei sprøyte med ei uranoppløysing, og ein veteran frå atomvåpenindustrien som fortalde om ”steling av kroppen” til avdøde venner i vitskapen namn.

Det blei gjort mange intervju med tidlegare regjeringsmedlemar og strålingsekspertar som hadde vore ansvarlege for program som inkluderte strålingseksperiment. Dei snakka også med dei juristane som hadde vore rådgjevarar for Atomenergikommisjonen, då han blei til ved slutten av den andre verdskrigen.

Korleis komiteen arbeidde
Komiteen var tilgjengeleg for alle som ønska å ta direkte kontakt, spesielt folk som følte at dei, eller menneske som stod dei nær, hadde blitt skada eller kunne ha blitt skada av strålingsrelatert forsking. Ein del av kvart komitémøte var ope for publikum, og dei som av ulike årsaker ikkje kunne komme på møta, men ønska kontakt, ble oppsøkte.

Ei av de vanskelegaste oppgåvene komiteen stod overfor var å finne ut kor mange statsstøtta strålingseksperiment på menneske som hadde funnet stad mellom 1944 og 1974, og kven som hadde leia dei. Då president Clinton valde komiteen gav han ordre om at dei skulle få tilgang til alle typar dokument. Men det viste seg at mykje av denne dokumentasjonen hadde gått tapt, eller var umogeleg å finne. Energidepartementet fortalte komiteen at alle protokollane til etterretningsavdelinga i Atomenergikommisjonen, som var forgjengaren til energidepartementet (DoE), hadde blitt destruert, dei fleste i 1970 åra, men i nokon tilfelle så seint som i 1998. Dei vende seg også til ikkje-regjeringsarkiv utover i hele landet. Kryptiske notat og fragment av korrespondanse kom dei over i private arkiv og i universitetsarkiv. Ved slutten av arbeidet sitt hadde komiteen teke imot, sortert og lese igjennom hundre tusenvis av sider med dokument frå stats- og private arkiv.

Da komiteen starta arbeidet visste dei om nokre dusin med strålingseksperiment på menneske og tretten utførde utslepp av radioaktivitet i naturen. Men snart fann dei ut at dette representerte berre ein brøkdel av dei mange tusen strålingseksperiment på menneske som regjeringa hadde støtta, og dei hundrevis med utslepp av radioaktive stoff utførde i perioden 1944-1974. Komiteen registrerte alt dette, men hadde ikkje tid til å gå igjennom alle dei einskilde tilfella like grundig. Dei valde derfor å undersøke nærare ein serie av åtte ulike typar eksperiment.

  1. I plutoniumeksperimentet til Manhattan-prosjektet blei pasientar på sjukehus brukte i hemmelege program for at regjeringa kunne skaffe seg kunnskap om korleis dei på beste måte kunne verne helsa og ta hand om tryggleiken til arbeidarane i atombombe-programmet. Desse eksperimenta stille spørsmål ved bruk av sjukehuspasientar til formål dei ikkje sjølve har nytte av.
  2. Bruk av radioisotopar i biomedisinsk forsking, som ikkje var hemmeleg og som fekk offentleg støtte av Atomenergikommisjonen. Denne forskinga førde til stor framgang innan medisinen, men det var vanleg at pasientar og folk i kontrollgruppene fekk mangelfull informasjon om kva dei var med på. Risikoen forsøkspersonane ble utsette for var mye større enn det som er tillate i dag.
  3. Radioisotopar brukt på barn. Det er grunn til å tru at barn ble utsette for større risiko enn voksne. I tillegg utgjer dei ei svak gruppe som ikkje kan forsvare sine eigne interesser.
  4. Total kroppsbestråling av alvårleg sjuke pasientar på sjukehus. Dette ble utført i heile trettiårsperioden. Det fanst ein serie med program der regjeringa prøvde å samle informasjon dei kunne bruke i utviklinga og testinga av atomvåpen. Komiteen hevdar at desse eksperimenta reiser grunnleggande spørsmål ved regjeringa sitt ansvar når ho prøver å samle forskingsdata ved hjelp av metodar som har usikker og ofte skadeleg effekt på sjuke menneske.
  5. Eksperiment med friske menneske. Det ble utført forsøk med fangar og mentalt tilbakeståande for å lære om effekten av ekstern stråling på menneskekroppen. Desse forsøka ble utførde utan samtykke. Med utgangspunkt i dette diskuterte komiteen gamle og nye regelverk for informasjon og samtykke.
  6. Atomveteranar. Det ble forska på menneske ved testing av atombomber. Meir enn 200 000 personar, no kalla atomveteranar, deltok ved slike testar. Komiteen diskuterte korleis det er mogeleg å få til eksperimentering med menneske i ein yrkessamanheng der risiko er norm.
  7. Hemmelege utslepp av radioaktivitet. Det blei slept ut radioaktive stoff i miljøet for å kartlegge radioisotopane si vandring i økosystemet. Dette førde sjølvsagt til ny verdifull vitskapleg kunnskap, men skaden menneske og miljø blei påførde var vanskeleg å slå fast. Ved denne type forsøk fekk folk først vite om det mange år etter.
  8. Arbeidarane i urangruvene i USA i åra 1940 – 1960, og innbyggjarane på Marshalløyane. Begge desse representerer folkegrupper som blei observerte over mange år gjennom forskingsprogram, utan å få medisinsk oppfølging. Folket på øya Rongelap hevda at dei heile tida etter nedfallet frå den første hydrogenbomba i 1954 har vore ”prøvekaninar” i eit ”strålingseksperiment”. Med omsyn til urangruvene, så var ein alt i 1951 klar over samanhengen mellom radongass, gruvestøv og lungekreft. Dei ansvarlege, gruveeigarane og regjeringa, kunne ha brukt denne kunnskapen og tilgjengeleg teknologi til å redde hundrevis av menneskeliv. Men dei gjorde det ikkje. Var grunnen at de trong enno meir data til forskinga? Først i 1967 kom den første påbodne standard for radon i gruvene. Dette blir i dag sett på som brot på grunnleggjande etiske prinsipp.

Korleis komiteen vurderer sitt eige arbeid
Komiteen hevda å ha avdekka ei historie om korleis regjeringa i USA i den aktuelle perioden har prøvd å tene to viktige mål, styrke tryggleiken til nasjonen og utvikle medisinsk kunnskap. Hovudmålet var å lære meir om radioaktiv stråling og helse for å kunne bli i stand til å verne arbeidarane i atomindustrien og publikum mot sjukdom og potensiell atomkrig. Fram mot desse rosverdige måla brukte regjeringa pasientar, arbeidarar, soldatar, fangar, mentalt tilbakeståande, grupper av urfolk og andre i sine eksperiment. Regjeringa handla gjennom dei ekspertane som vi til vanleg har tillit til når det gjeld velvære for både landet vårt og oss sjølv, nemleg valde politikarar, sivile tenestemenn, generalar, legar og forskarar innanfor medisin og naturvitskap. Og i tillegg, regjeringa handa med full kunnskap om at bruken av individ for å tene regjeringa sine mål reiser fundamentale etiske spørsmål.

Ekspertar har gjennom studium og erfaring tileigna seg kunnskap som vanlege menneske av praktiske grunner må stole på. Men spørsmål om kva som er lovleg oppstår når ekspertane opptrer med ulike hattar og når dei opptrer i samanhengar utanfor ekspertisen sin. Når offisielt hemmeleghald er kopla med ekspertautoritet, og begge er fokuserte på eit publikum som ikkje kjenner løyndomane og ikkje forstår ekspertspråket, er det stor risiko for overgrep. Komiteen hevdar at det i den undersøkte perioden ble gjort ekstraordinære framsteg i biomedisin, og grunnlaget ble lagt for 50 år utan krig mellom stormaktene. Men på same tid var det ei tid for arroganse og patriarkalske haldningar på vegne av regjeringsorgan og dei vitskaplege miljøa innanfor medisin, kjemi, fysikk og biologi, som ”—- vi ikkje under noko omstende ønskjer å oppleve igjen”, i følgje rapporten.

Rapporten legg stor vekt på den skaden som er påført enkeltindivid og heile det amerikanske folket i den perioden dei granska, og på korleis denne skaden varer ved i dag. Skaden dei snakkar om er ikkje berre fysisk skade, men det er snakk om psykisk smerte og krenking av menneskeverd frå ei regjering og frå profesjonar folk hadde hatt tillit til. Dette registrerer rapporten som mistillit til politikarar og ekspertar hos mange amerikanarar, og som forvirring hos pasientar om skilnaden på medisinsk forsking og medisinsk pleie. Desse observasjonane er godt dokumenterte gjennom tusenvis av brev og telefonar og det dei kallar ”hjarteskjærande” intervju. Komiteen er oppteken av kva som må til for å heile dei såra ein heil generasjon amerikanarar ble påførd i denne tida. Dei hevdar at det er viktig at heile sanninga om kva som skjedde kjem fram, og at dei som har makt no og i framtida må handle ope overfor borgarane.

Med omsyn til fortida meiner dei det er tydeleg at hemmeleghalding har svekka, og endå svekka evna til å forstå eksperiment med radioaktivitet på menneske og planlagde utslepp av radioaktivitet, utførte i perioden 1944 – 1974. Når det gjelder notida, så handlar eit heilt kapittel i rapporten om ”Samtidige prosjekt”. Her blir tre samtidige prosjekt undersøkte og ut frå det blir det laga ein konklusjon om dagens situasjon når det gjelder forsking på menneske, som kort kan formulerast slik: Også i dag kan forsking på menneske som er sponsa av regjeringa bli klassifisert og utført hemmeleg, men det må vere i samsvar med ei ny lov som mellom anna forlanger minimal risiko.

Til slutt kjem komiteen med eit optimistisk ønskje om at rapporten gir uttrykk for den kjensle av takksemd og ære komitémedlemane som borgarar opplevde i arbeidet i den rådgivande komiteen. Dei blei utstyrde med ekstraordinær tilgang til protokollar frå fortida av presidenten sjølv, og ble gjevne full fridom til å vurdere det dei fann. Sjølv om mykje av det dei rapporterer handlar om overgrep, hemmeleghalding og mistillit, så fortel fridomen deira til å undersøkje, og det samarbeidet dei opplevde med offisielle personar og vanlege borgarar frå alle slags miljø, at dei edlaste tradisjonane til nasjonen deira ikkje berre høyrer fortida til, men lever veldig sterkt i notida. Historia komiteen fortel kunne dei ikkje fortald dersom regjeringa hadde late vere å skrive rapportar og arkivere. Men likevel er denne historia ofte forstyrrande fragmentert. Hendingane er vanskelege å rekonstruere fordi mange dokument er borte eller øydelagde, ofte mange år før komiteen tok til med arbeidet sitt.

Mi vurdering av rapporten
Rapporten er skriven i eit enkelt språk, og er utan statistikkar og grafar. Komiteen har hatt som mål å nå ut til eit størst mogeleg publikum. Men det har blitt ei stor og ikkje særleg lettlesa bok på 620 sider, og med ei mengde litteraturtilvisingar etter kvart kapittel. Eg tvilar på at denne boka vil bli lesen av mange. Dette er også eit tema som i utgangspunktet skremmer folk bort. Men det burde vere ein viktig rapport for moderne forskarar innafor medisin og naturfag, og for alle som er opptekne av forskingsetikk. Sjølv vurderer komiteen innsamlinga av store mengder dokumentasjon i form av dokument og nedteikna samtaler som den viktigaste delen av arbeidet. Dette materialet er offentleg og tilgjengeleg for alle som vil forske vidare på det i framtida. I prinsippet har heile det amerikanske folket tilgang til dei ti- tusenvis av dokument som fortel om kva som skjedde i denne historiske perioden.

Komiteen gir æra til president Clinton. Utan hans initiativ hadde ikkje dette arbeidet blitt mogeleg. På møta i komiteen snakka dei mykje om korleis dei psykiske skadane som har oppstått kan reparerast slik at tilliten mellom folk og regjering kan gjenopprettast. Dei kjem fram med få konkrete forslag til korleis dette kan gjerast, bortsett frå å hevde at det er viktig at hele sanninga kjem fram. Men hele sanninga om dette vil aldri komme fram sidan mange av dei som var med på det er døde, og dei fleste dokumenta er makulerte eller har forsvunne på annan måte. Og korleis ein skal få fram den delen av sanninga som denne rapporten avdekkjer er heller ikkje gjort berre med å skrive rapporten. Det står eit arbeid igjen å gjere.

Den største innvendinga mi mot rapporten er at dei har gått så lite inn på den fysiske skaden testobjekta blei påførde. Dei understrekar ofte at desse menneska ikkje blei følgde opp med medisinsk behandling, men hevdar likevel at den fysiske skaden i dei fleste tilfelle var liten. Dette blir hevda som ein påstand utan at det har blitt vitskapleg granska. Det dei har undersøkt er korleis risikoanalysane frå den første tida med forsking på radioaktivitet har endra seg og er mykje strengare i dag. Eksempel er forsøk i 50 åra med radioaktiv jod brukt på små barn med medfødde skjoldbruskkjertel sjukdomar og friske barn i kontrollgrupper. Alle desse blei utsette for langt høgare dosar enn det som er tillate i dag. Når det gjeld forsøka med mange hundre utslepp av radioaktive stoff i naturen er risikoanalysar vanskelege. Men mange ekspertar hevdar i dag at natur, dyr og menneske er påførd skade gjennom disse forsøka som kjem til å merkast i mange generasjonar.

I tillegg er det slik at det som er akseptert risiko i dag byggjer på vitskaplege teoriar, og reglar om strålevern som mange leiande innanfor forsking på indre lågdosestråling tek avstand frå. Professor og medlem i det Russiske Vitskapsakademi i Moskva, Elena B. Burlakova, hevder at den nyaste Tsjernobylforskinga viser at reglane for strålevern er feil og må endrast. Små doser frå radioaktiv stråling, særleg frå menneskeskapte radioaktive isotopar inne i kroppen, er mykje farlegare enn vi før har trudd. Det fører mellom anna til svekking av immunforsvaret og dermed til auke av alle typar sjukdom og infeksjonar. Ved større dosar aukar risikoen for kreft, misdanningar og mutasjonar. Det kan derfor vere grunn til å tru at alle desse ”prøvekaninane” som denne rapporten handlar om har fått helseskadar og forkorta levetid i mykje større grad enn rapporten hevdar.

Ein viktig del av rapporten er kapitelet om prosjekt i samtida der det blir forska på menneske. Dei understrekar at det er viktig å sjå på det som skjer i dag i lyset frå det som skjedde under den kalde krigen. Dei påpeikar samanhengar og hevdar at her er det mykje som må undersøkjast nøyare. Dei løfte fram etikkdebatten i vår tid mellom forskarar innan genteknologi og deltakarar som har bakgrunn innan filosofi og teologi som noko nytt og lovande. Historia om heilkroppsbestråling av kreftpasientar på offentlege sjukehus i USA, utførde på fattige, kvinner og farga i 60 – 70 åra, kastar lys over mange etiske problem med forsking på menneske, som er like viktige i dag som dei var den gongen. Men den gongen mangla det ein open etikkdebatt om dette.

Komiteen er stolt over å høyre til ein nasjon som vågar å setje i gang ei slik gransking og tolkar det slik at det likevel ikkje står så gale til i USA med menneskeverd og demokrati. Og då kan vi spørje om korleis det står til i andre land. For det var ikkje berre i USA at denne type forsking gjekk føre seg under den kalde krigen. Kva med Noreg? I Dagbladet 28. april 1998 medgjev Fredrik Mellbye, tidlegare statens overlege i hygiene og medlem i Atomenergirådet, at det i 50 og 60 åra gjekk føre seg forsking med radioaktivitet på åndssvake, institusjonspasientar på Gaustad, Rikshospitalet og Ullevål. Åndssvake og sinnssjuke blei brukte som forskingsobjekt for å finne ut av atomstrålinga sin verknad på kroppen, også her i Noreg under den kalde krigen. Forskinga blei støtta frå USA, og mange norske medisinarar og forskarar reiste dit med stipend og deltok i forsøk med radioaktivitet på menneske. Etter at dette kom fram i media blei det også hos oss nedsett ein komité som skulle undersøkje kva som hadde skjedd. Etter nokre år kom det ein rapport som konkluderte med at det var umogeleg å påvise noko av dette. Ingen blei anklaga og ingen fekk erstatning. Det hadde gått for lang tid, og dei fleste som var med den gongen det skjedde var døde.

Det mest påtrengande spørsmålet etter å ha lese om alt dette: Korleis kunne denne type forsking utfalde seg innanfor vår vestlege, humanistiske, kristne kultur? Har Zygmunt Bauman rett når han hevdar at vår vestlege kultur er prega av ein instrumental rasjonalitet kopla med eit moderne byråkrati som har evne til å koordinere eit stort tal moralske enkeltindivid sine handlingar til å arbeide mot eitkvart, også et umoralsk, mål? Han hevder at den lange avstanden mellom handlingane til den enkelte byråkrat, teknikkar og forskar og det endelege resultatet slik offeret opplever det, gjer det mogeleg å gjere dei moralske spørsmåla undervegs usynlege.

Ulike syn i komiteen
Ei av komitémedlemane har i eit vedlegg med alvorlege reservasjonar mot rapporten. Eg vil sitere noko av det ho skriv. ”— Problema omkring forsøk på menneske, utvikling av vitskap og vern av forsøkspersonar er komplekse. Samfunnet kan ikkje lenger overlate balanseringa mellom retten til individet og framsteg innan vitskapen til dei som styrer dette i dag, med reguleringar som er gjennomhola og inviterer til misbruk. Det viktige arbeidet komiteen vår har gjort i å evaluere strålingseksperimenta leia av regjeringsorgan og profesjonelle medisinske institusjonar under den kalde krigen, konfronterer oss enno ein gong med menneskelege og sosiale kostnader frå ein altfor stri (hjartelaus) jakt på kunnskap. Dersom dette er ein pris som det er verdt å betale, så skulle samfunnet bli tvinga til å gjere desse vanskelege moralske vala i klårt dagslys og gjennom ein reguleringsprosess som heile tida strevar etter å formulere, konfrontere og avgrense desse kostnadane. (mi utheving) Vi har dømt fortida, og domar av fortida er mest relevante når dei lærer oss noko om notida og framtida. Men vi dømde ikkje notida med like mykje omtanke. Dersom problemet var tid, så ønskte eg å bruke tid for å komme med mine synspunkt. Sjølv brukte eg tid, og ”tok den vegen som er mindre brukt” (”took the road less traveled by”), fordi mykje står på spel: jakta på å utvikle medisinsk forsking som ikkje berre handlar om framgang i kampen mot sjukdom, men også om andre moralske verdiar.”

Dei som har lese Rachel Carsons bok ”Silent Spring” vil kjenne igjen uttrykket ”the road less traveled by”. Den vitskapskritikken ho legg i dette uttrykket, om kva slags vitskap vi vil ha, er ikkje eit tema i komiteen sitt arbeid. Dette viktige spørsmålet blir ikkje stilt, bortsett frå i desse siste linjene i vedlegget som eg siterer frå ovanfor.

Rachel Carson opnar det siste kapittel i den kjende boka si slik: ”Vi står no i eit vegkryss der vegen deler seg i to retningar. Men til forskjell frå vegen i Robert Frost sitt kjende dikt så er dei ikkje like gode. Den vegen vi har reist på lenge er forførande enkel, ein super motorveg der vi opplever utvikling og framgang med stor fart. Men ved enden av vegen venter katastrofen. Den andre greina av vegen – den som ”er mindre brukt” – tilbyr oss vår siste, vår einaste sjanse til å nå eit mål som sikrar oss at vi vernar og oppheld livet på jorda vår”. (oversett av meg)

Litteratur:

The Human Radiation Experiments: Final Report of the President’s Advisory Committee, Oxford University Press, New York Oxford 1996

Carson, Rachel: Silent Spring, Penguin Books, London 1962

Burlakova, Elena: Consequences of the Chernobyl Catastrophe: Human Health, Moskva 1996 (ISBN 5-88587-019-5)

Bauman, Zygmunt: Moderniteten og Holocaust, Oslo 1997

Eva Fidjestøl

26 juni 2010

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s