Rapporten fortel mellom anna at meir enn 70 prosent av dei russiske atomreaktorane er for gamle. Dei vart bygde på 70 talet for å fungere i 30 år. I dag er 36 reaktorar i drift på 11 kraftverk. 7 reaktorar er stengde. Dekommisjonerings-arbeid må starte dei neste 15 åra, men pengar til dette er ikkje på plass. Gamle reaktorar får lisens til livstidsforlenging utan vurdering. (Nuclear Monitor, 17. June 2020)
Eva Solfrid Fidjestøl har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Ho har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag på Lærarhøgskulen i Bergen.
Eva Fidjestøl har lenge vore aktiv i miljørørsla. blant anna som medlem i Nei til Atomvåpen, Naturvernforbundet og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) i mange år.
Eva Fidjestøl var med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkte Kviterussland og dei radioaktive sonene i landet 12 gonger i den perioden.
Eva Fidjestøl er med i referansegruppa til Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND) som har til oppgave å avvikle dei norske atomanlegge og handtere avfallet frå norsk atomforskning.
Vis alle innlegg etter evafidjestol