I Russland har det statlege energiselskapet Rosatom kunngjort at Akademik Lomonosov, verdas største flytande atomkraftverk, har starta. Atomkraftverket er 144 meter langt og 30 meter breitt og veg 21500 tonn. Det har to SMR reaktorar på 35 MW. Levetida er estimert til 40 år. Dei vanlege landbaserte russiske reaktorane er på 1000 MW.
Akademik Lomonosov blei slept frå St. Petersburg, der reaktorane blei bygde, til Barentshavet i 2018. I Murmansk vart atombrenselet lasta inn og plassert i reaktorane. Atomkraftverket blei så slept til Pevek, nær Beringstredet i det russiske fjerne aust. Rosatom kunngjorde 22. mai at atomkraftverket no er i drift og er den viktigaste energikjelda i det autonome distriktet Chukotka. Akademik Lomonosov er det 11. russiske atomkraftverk og det nordlegaste i verda. [EnerGEEK/] 18. Juni 2020