Den siste globale rapporten om fornybar energi viser at 201 GW elektrisk energi frå fornybare energikjelder blei installerte siste året. Atomenergi avtok på same tid med 0,6 GW. Fornybar står for 75 prosent av den totale nye installerte kapasiteten. Men rapporten advarer om at delen av fornybar energi som går til oppvarming, kjøling og transport ligg langt etter. Rapporten konkluderer: For femte år på rad er auken av fornybar energi større enn frå fossil og atomkraft til saman. I dei fleste land er produksjon av elektrisitet frå vind og sol-PV meir kostnadseffektivt enn frå kolkraftverk. (REN 21 Renewables Global Status Report)
Eva Solfrid Fidjestøl har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Ho har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag på Lærarhøgskulen i Bergen.
Eva Fidjestøl har lenge vore aktiv i miljørørsla. blant anna som medlem i Nei til Atomvåpen, Naturvernforbundet og Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF) i mange år.
Eva Fidjestøl var med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkte Kviterussland og dei radioaktive sonene i landet 12 gonger i den perioden.
Eva Fidjestøl er med i referansegruppa til Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND) som har til oppgave å avvikle dei norske atomanlegge og handtere avfallet frå norsk atomforskning.
Vis alle innlegg etter evafidjestol