Pressemelding frå «Sortir du nuclear»-nettverket 20. april 2022
Det store, franske atomindustriselskapet ORANO skryt av at dei kan resirkulere 96 prosent av
det brukte atomreaktorbrenselet. No er det avslørt at dette er heilt feil.
Berre ein prosent av det brukte brenselet deira blir i dag brukt om igjen. For tida er 34 000 tonn med reprosessert uran (URT) lagra på tomta i Pierrelatte. ORANO disponerer for tida ingen
tekniske midlar for å bruke om igjen URT, slik dei hevdar på heimesida si.
Fakta er at det er berre utanlandske operatørar, spesielt russiske selskap, som kan det. Dette har avliva myten om resirkulering av atomavfall, som Frankrike har hevda å vere dei beste i verda på. ORANO produserer meir enn 1000 tonn URT kvart år og tomten i Pierrelatte tek til å bli for liten,
sjølv om dei har utvida anlegget. Derfor skreiv ORANO under ein avtale med det russiske
selskapet Rosatom i 2020. Avtalen går ut på å sende eit parti av URT til eit anlegg i Seversk i
Sibir.
Det er ein stor og grell skilnad på det bilde ORANO gir av seg sjølv om gjenbruk og
resirkulering, og sanninga om reprosessert uran som blir stabla i haugar på tomta i
Pierrelatte eller sendt til Sibir. I Frankrike er der ingen planar om bruk av dette og i Sibir gir
handsaminga og den endelege lagringa av dette grunn til bekymringar både for miljøet på
staden og for helsa og sikkerheita til arbeidarane.
Denne saka har understreka dei ekstremt problematiske banda mellom den franske
atomindustrien og Russland. Russland er det einaste landet som har anlegg som kan
behandle reprosessert uran. For nokre veker sidan bad EU selskapa i Europa om å avslutte
alle kommersielle avtaler med Russland. Men det ser ut til at atomindustrien enno ein gong
gjer eit unnatak.