Yuri Bandazhevsky (1957- )

Då Tsjernobylulukka hende budde den kviterussiske legen og forskaren Yuri Bandazhevsky med kona, som også er lege, og to born i eit område i Kviterussland som var lite forureina med radioaktivt nedfall. Han tilbaud vitskapsakademiet at han kunne starte forsking på verknaden av radioaktive isotopar på vitale organ i menneskekroppen, og fekk tilbod om å flytte til Byen Gomel i eit av  dei mest radioaktivt forureina områda i landet. Der blei han rektor for ein medisinsk høgskule. I 1990, berre 33 år gamal, starta han ei stor gransking av hjartesjukdommar hos barn i dette området. Saman med kona og studentane samla han eit stort materiale om desse sjukdomane. Dei utførde også dyreforsøk og hadde kontrollgrupper frå reine område. I Kviterussland var det strengt forbode å publisere vitskaplege arbeid som  viste samanheng mellom sjukdom og Tsjernobyl-forureininga.

I 1993 rådde kollegane Bandazhevsky til å avslutte dette arbeidet, men han arbeidde vidare under press i seks år. Han samla indre organ til døde menneske, fotograferte og målte aktiviteten frå den radioaktive isotopen Cs-137, som hadde lagra seg i desse organa. Dette gjorde han i samarbeid med Nesterenko. Han kom til den konklusjonen at indre stråling frå Cs-137 ved låge dosar førde til skade på dei vitale organ der Cs-137 konsentrerte seg til høgare nivå enn det gjennomsnittlege kroppsnivået.

Skade på hjarte er irreversibelt etter ei viss tid og dose. Brå død på grunn av hjarte svikt blei observert i alle aldersgrupper, også hos barn.

Arbeidet hans «Caesium cardiomyopathy» blir av mange forskarar vurdert som eit vitskapeleg arbeid av særleg høg kvalitet. Dr. Michel Fernex, aktiv i den internasjonale organisasjonen «Legar mot atomkrig» (IPPNW) i Frankrike, og tidlegare forskar i WHO, sa i ei privat samtale med meg at Bandazhevsky sitt vitskaplege arbeid var verdt ein Nobelpris i medisin.

Vener og familie frårådde Bandazhevsky å publisere resultata hans, men han gjorde det likevel. «Barna våre døyr, eg kan ikkje teie om dette», sa han i eit intervju. Vidare klaga han regjeringa i Kviterussland for at dei ikkje gjorde nok for å forebygge desse helseproblema ved å skaffe folk rein mat. Han blei arrestert og i juni 2001 blei han klaga for korrupsjon og dømd til åtte års fengsel. Den personen som klaga på han trakk seg før saka var over, men det endra ingen ting. Ei internasjonal støttegruppe engasjerte seg i saka hans og det førde til at han slapp ut av fengselet etter fire år.

«Kommisjonen for fri forsking og informasjon om radioaktivitet» (CrilRad) som vart oppretta i Frankrike like etter Tsjernobylulukka, skaffa han bustad og laboratorium i Frankrike der han budde i eitt år. Men så slo han seg ned i ein liten by i eit radioaktivt forureina område i Ukraina der han i dag held fram med forskinga si. Fleire av artiklane hans er omsette til engelsk og publiserte i vesten, mellom anna i den store rapporten til Yablokov og Nesterenko frå 2009.  Men for IAEA og Chernobyl Forum sin rapport frå 2006 er dette ukjent stoff.

Bandazhevsky er eksempel på ein forskar som er motarbeidd og usynleggjord både i sitt heimland Kviterussland ,og i det internasjonale strålingsmiljøet. I ein liten skala utfører Bandazhevsky og gruppa hans det dusinvis av  sterke internasjonale forskarmiljø har bede om i fleire tiår – ein studie av helsekonsekvensane etter Tsjernobyl som følgjer ein eksponert populasjon og avkommet deira over lang tid.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s