Rosalie Bertell (1929-2012)

Rosalie var statistikar og hadde ein doktorgrad i biometikk frå 1966. Ho valde å arbeide for å hjelpe offer og potensielle offer for industri- og militærforureining. Ei spesiell interesse  hadde ho for å hjelpe menneske frå utviklingsland og urfolk-område til å kjempe for sine rettar til liv og helse. Spesielt var ho oppteken av radioaktiv og kjemisk forureining frå atomindustrien, krig og våpenproduksjon. Ho var katolsk nonne og medlem av kongregasjonen  «Grey  Nuns of Sacred Heart». Ho starta tidleg å interessere seg for helsespørsmål og oppretta «International Institute of Concern for Public Health» i Toronto I Canada (IICPH).

Som fri forskar med base i IICPH har ho hatt mange oppdrag frå NGOar og sosiale- og vitskaplege organisasjonar. Det ho forska mest på, var helsekonsekvensane frå indre radioaktiv lågdosestråling. Ho har skrive vitskaplege artiklar om bruk av uranvåpen, om helsa til arbeidarane i atomindustrien, om konsekvensane av utslepp frå atomkraftverk og om Tsjernobylulukka og barnedød. (26) Ho har leia to store folketribunal om fylgjene av katastrofane i Bhopal og Tsjernobyl. Som medlem i WILPF reiste ho i mange tiår omkring og deltok på, og arrangerte konferansar og møte om desse tema. Det var ofte ein stor kamp både å skaffe midlar til forskinga og anerkjenning av resultata. Likevel fekk ho fleire prisar som  Den alternative fredsprisen og FNs miljøvernpris, og ho er utropt til æresdoktor ved  fem universitet. Dette har likevel ikkje hindra at ho har vore utsett for mordforsøk og tilbaketrekking av forskingsmidlar.  Ho har vore ein skarp kritikar av det etablerte strålevernet, særleg av  ICRP og IAEA sine rollar i dette. Ho var og mellom dei første som sette eit kritisk søkelys på Hiroshima-granskinga, The Life Span Study (LLS).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s