Professor Elena Burlakova (1935-)

Elena Burlakova er medlem av Det russiske vitskapsakademi i Moskva og professor og direktør ved Institutt for biokjemisk fysikk. Ho har i mange år forska på verknaden av radioaktiv lågdosestråling på levande organismar. Saman med kollegane har ho utført både dyreforsøk i laboratoriet og epidemiologis gransking av store folkegrupper som lever i radioaktivt forureina område. Konklusjonen hennas er at det kan påvisast ein samanheng mellom lågdosestråling og skade på alle nivå av det biologiske system, molekyl, celler, organ, organismar og populasjonar. Det er feil å berre registrere kreft, misdanningar og mutasjonar når ein vil undersøke samanhengen mellom stråling og helse, hevdar ho.

Den radioaktiviteten folk i Tsjernobylsonene (ca seks millionar menneske) får i seg gjennom den daglege maten, er medverkande årsak til mykje av den sjukdommen ein observerer i desse områda. Elena Burlakova presenterer nye teoriar for å forklare dette, og ho hevdar at dagens strålevern byggjer på feil teoriar om samanhengen mellom stråling og helse. Ho har presentert arbeida sine på mange store internasjonale konferansar og har vore medarrangør på fleire av dei. I april 1996 arrangerte ho saman med Alexey Yablokov  «The Moscow NGOs Meeting for Nuclear Safety». Elena Burlakova samla alle foredrag frå dette møte og ga dei ut som bok med føreord av seg sjølv og Yablokov. Den engelske utgåva, Consequences of the Chernobyl catastrophe: Human Health, kom i 1997, men enno i dag er denne forskinga lite kjend i Vest. Den norske legen, Jon Reitan har publisert vitskaplege artiklar i samarbeid med Burlakova.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s