Nesterenko – den ukjende helten frå Tsjernobyl

Professor Vassili B Nesterenko (1934-2008)

Nesterenko var ein kjend atom- og reaktorfysikar frå Sovjettida. Han er fødd i Ukraina, men då Tsjernobylulukka hende var han direktør for Sosny Institutt for kjerneenergi utanfor Minsk i Kviterussland. Han og kollegane heldt på med eit stort prosjekt. Dei skulle bygge ein mobil atomreaktor, som skulle kjølast med nitrogendioksid, kalla «Pamir». Dette var Kviterussland sin største militære kontrakt. Nesterenko hadde vunne mange store prisar og var på toppen av sin karriere. Han leia ei arbeidsgruppe på 1000 menn som skulle utvikle denne reaktoren. Namnet hans var kjent over heile Sovjetunionen.

Den 26. april 1986 var han i Moskva på tenestereise og høyrde om Tsjernobylulukka der. Han hadde sjølv vore med å konstruere Tsjernobylreaktorane, og etter telefonsamtale med kollegaene forstod han fort alvoret i situasjonen. Han kasta seg over telefonen for å få tak i førstesekretær Sljunkov i kommunistpartiet i Kviterussland, som han kjende personleg. Etter mange timar fekk han endeleg kontakt og fekk oversend bodskapet sitt: «Ei radioaktiv sky er på veg mot Kviterussland. De må starte utdeling av jod til folk og evakuere alle menneske og dyr frå 100 km rundt kraftverket». Siljunkov roa han med at brannen i Tsjernobyl var sløkt.

Som fysikar visste Nesterenko at dette var feil. Han rekna med at det ville brenne fem tonn grafitt per time og visste at reaktoren produserte våpenplutonium og fleire hundre ulike typar radioaktive isotopar. Han har i ettertid sagt at det som blei slynga ut av reaktoren i dei ti dagane han brann, svara til same mengde radioaktivitet som fleire hundre Hiroshima-bomber. Men det var liten vilje til å høyre på fysikarane og medisinarane på det tidspunkt. Gorbatsjov ringde frå Kreml og ga ordre om ikkje å skape panikk. Ein kunne ha tilsett jod til drikkevatnet eller i mjølk. I Minsk var det lagra 700 kg jod med tanke på atomkrig. Men for ei atomulukke hadde dei ingen beredskapsplan, og joden vart ikkje brukt.

Nesterenko reiste med måleinstrument og 300 av arbeidsgruppa si til Gomel sør i Kviterussland og til Bragin som ligg ved grensa til Ukraina, berre nokre mil frå Tsjernobyl. I Bragin målte han 30 000 myR/t. Folk sådde, pløgde og førebudde påskefesten. Folk hadde lite kunnskap om stråling. Pustemasker vart sende til desse områda, men dei blei ikkje brukte. Det kunne skape panikk og så ville folk flykte.

Nesterenko opplevde dette som maktmisbruk og krig mot uskuldige. Etter Nesterenko si meining kosta denne haldninga mange menneskeliv og mykje liding. Han rekna ut at dei som hadde levd med dette radioaktive nedfallet i ti dagar hadde fått ein dose på 500-1500 mSv som forklara kvifor folka i landsbyane følte seg svimle og svake og hadde teikn på strålingssjukdom. Han heldt fram å skrive brev og sende kart over forureina område med krav om at menneske måtte evakuerast.  På instituttet hans blei alle måleinstrumenta beslaglagde utan forklaring. Han fekk trusseltelefonar om å slutte å skremme folk.

Han skreiv til topp-politikarane i Moskva, men blei  klaga for antisovjettisk oppførsel. Det blei sett i gang ein prosess. Og han vart oppsagd frå stillinga som direktør. Etter det fekk han hjarteinfarkt og var sjuk ein lang periode. Men han kom seg igjen og heldt fram med  å måle nivået av isotopane I-131, Cs-134, Cs-137, Sr-90 og Pu-229 i dei radioaktive sonene i Kviterussland. I lag med kollegane ved Vitskapsakademiet i Minsk laga han kart over dei radioaktive sonene i Kviterussland som dei sende til myndigheitene både lokalt og sentralt. Alt dette materialet blei klassifisert og halde unna folket i fleire år. Alle forslag frå desse ekspertane om å verne folk mot stråling blei avvist. Først i mai 1989 blei hemmeleghaldinga teken vekk av det øvste Sovjet i USSR, og materialet om Tsjernobyl blei frigitt.

I 1990 blei Vassily Nesterenko leiar av Belrad, eit uavhengig kviterussisk institutt for strålevern han oppretta i samarbeid med Andrei Sakarov, den kjende kviterussiske forfattaren Ales Adamovich og verdsmeister i sjakk Anatoly Karpov. Det blei etablert som eit uavhengig  folkeleg institutt for å hjelpe folk i dei radioaktive sonene. I 1993 oppretta Belrad med støtte frå den statlege Tsjernobyl komiteen i Kviterussland, 370 lokale senter der folk fekk hjelp med kosthaldet. Radioaktivitet blei målt både i mat og menneske. I 2007 hadde dei målt radioaktiviteten i omtrent 300 000 barn i dei radioaktive sonene. Dei fann samanheng mellom radioaktiviteten i maten og i kroppen til barna. Slike senter blei lagde til skular, lege- og kommunesenter. 500 menneske vart opplærde til å måle radioaktiviteten i matvarer og miljøet. Alle målingane vart samla i ein database og det blei utarbeidd kart over radioaktiviteten i ulike matvarer og dosebelastinga til folk vart utrekna. Frå 1992 til 1993 vart det teke 126 000 målingar. Det vart sett i gang mange tiltak. Maten som hadde for høge verdiar av radioaktivitet, blei blanda med rein mat og fordelt over heile landet. Jorda blei behandla og det vart skaffa rein mat til born. Folk fekk opplysning og opplæring både på skulane og sentera. Nesterenko heldt kurs i strålevern for legar, sjukepleiarar og lærarar.

Mellom 1989 og 1992 kom dei materielle og finansielle midlane for å overvinne Tsjernobylkonsekvensane frå Sovjetstaten sentralt. Etter samanbrotet av Sovjetunionen blei Kviterussland heilt åleine med ulukka, sidan internasjonale avtaler ved atomulukker manglar. Kviterussland var den tidlegare Sovjetstaten som var hardast råka av ulukka. Kviterussland åleine kunne ikkje overvinne følgjene av Tsjernobylulukka, og den internasjonale hjelpa var for liten. Etter at Lukasjenko vart vald som president i Kviterussland i april 1994 overtok han all styringa med arbeidet for å hjelpe folk i dei radioaktive sonene.  Han lage eigne femårsplanar og lytta ikkje til råd frå ekspertane. Nesterenko blei igjen motarbeidd, ja til og med utsett for mordforsøk. Dette fortalde han meg i ei personleg samtale. Han brukte likevel all si tid på dette arbeidet heilt til sin død i 2008. Sonen Alexey overtok då leiinga av Belrad. Det som berga Nesterenko var nok hans tidlegare karriere og at han hadde eit kjent namn i alle dei tidlegare Sovjetrepublikkane.

Belrad har i mange år sidan lagt ned eit stort arbeid i å måle innholdet av Cs-137 i barn i dei radioaktive sonene. På konferansen «Verda etter Tsjernobyl» i Minsk i april 2001 la Nesterenko fram resultat etter å ha målt 95 000 barn. Han fann at mellom 70-90 prosent hadde ei opphoping av Cs-137 i organismen på meir enn 15 Bq/kg. I mange landsbyar låg nivået 200-400 Bq/kg med toppar på 2000 Bq/kg og i kretsen Naraulja heilt opp til 7000 Bq/kg. Saman med legen Bandazhewsky fann han at born som hadde over 50 Bq/kg med Cs-137 i kroppen over lang tid, hadde skade på livsviktige indre organ.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s