Tsjernobyldagen 26. april 2020

Tekst: Eva Fidjestøl

Dette bildet har et tomt alt-attributt, og filnavnet er atomuhell_siste.v-1.png

Mange bøke og HBO-miniserien Chernobyl har det siste året minna oss om at Tsjernobyl ikkje er over, og at det er mykje vi ikkje veit om verdas største atomkatastrofe. Nokre av bøkene og TV-serien beskriv sjølve ulukka, mens den amerikanske professoren Kate Brown fokusere på det som hende etterpå. Hovudspørsmålet hennar er: Kvifor, når vi kjenner omfanget av denne katastrofen, har vi ikkje lært meir om dette? Ho har som mål å avsløre den fulle breidda av helsekonsekvensane og fortelje om alle dei offera Kreml ikkje ønska at verda skulle kjenne til. Ho minner oss om den historiske arven av avfall etter mange tiår med atomvåpentesting og produksjon og andre atomulukker, og det fakta at vi går inn i ei framtid der vi treng å lage «Reglar for overleving»1

HBO-serien

HBO-serien Chernobyl2 har hausta strålande kritikkar over heile verda, også i Norge. Og som TV-drama vurdert, kjem han i klasse med dei aller beste. Serien er spennande og godt redigert, har gode skodespelarar og gir oss ei kjensle av at dette er sanninga om Tsjernobyl. To forskarar ved PRIO hevdar i ein artikkel i Aftenposten at i tillegg er det eit viktig aspekt ved serien som for det meste er oversett: Korleis serien lærer oss om heilt grunnleggande og universelle måtar ikkje-demokratiske regime er ulike demokratiske regime.3 Dette skal eg komme tilbake til.

Serien har også møtt kritikk. Den krassaste og grundigaste eg har lese kjem frå den franske ingeniøren Yves Lenoir. Han har gått igjennom heile serien minutt for minutt og har kommentert feil og manglar i ein artikkel på 45 sider.4 Her er nokre få eksempel. Ein av hovudpersonane i serien, kjernekjemikaren Legasov forklarar: «Kvart uranatom U-235 er som ei revolverkule som bevegar seg med lysets hastighet og går gjennom alt den møter. —Nøytronet er ei kule som går rundt uranet.» Kjernefysikaren Ulana Khomyuk er ein oppdikta person, tilsett ved det militære atomforskingsinstituttet Sosny utanfor Minsk. Ho seier om det vanskapte nyfødde barnet til enka etter ein av brannmennene som døydde av SAR (sjukdom etter sterk radioaktiv stråling): «Fosteret tok imot all radioaktiviteten, og det sparde mora sitt liv.» Dette er jo tøys og slike utsegn ville ingen fysikar eller kjemikar komme med. Graig Mazin kan ikkje ha tenkt at det var viktig å bruke fagfolk til å lese gjennom manuset.

Lenoir påviser at kronologien til dei reelle handlingane er feilplasserte og blanda med oppdikta hendingar. Det viktige møte som IAEA arrangerte i Wien i august 1986 har serien plassert i mars 1987, som om det ikkje hasta å vise verda at Tsjernobylulukka ikkje ville virke negativt på utviklinga av atomkraftindustrien. Ryddinga av taket på blokk 3 ved hjelp av menneskelege robotar har serien plassert hausten 1987. Då var ryddinga over og sarkofagen var bygd og reaktor 1 og 2 var starta opp igjen.

Karakterane til heltane stemmer ikkje med dei verkelege personane dei framstiller. Legasov som i serien spelar ei viktig rolle i rettssaka mot dei som opererte reaktoren ulukkesnatta, var ikkje til stades i rettssalen i det heile. Den oppdikta Ulana Khomyuk sitt detektivarbeid for å finne ut av dei tekniske problema med reaktortypen RBMK, er oppdikta. Problema med den positive void koeffisienten til denne typen reaktor var godt kjent, og blei gjort grundig greie for i Wien av Legasov. Han la likevel vekt på at det var dei udugelege operatørane som var på vakt ulukkesnatta som var årsak til det som skjedde, til stor lette for det internasjonale atomenergimiljøet.

I rettssaka i juli 1987 blei seks av dei tilsette ved reaktoren dømde til frå tre til ti års fengselsstraff, men dei fleste var tilbake i jobbar eitt år etter. Alle dei 16 RBMK reaktorane i Sovjet blei ombygde, og i 1991 kom rapporten som viste at hovudårsaka til Tsjernobylulukka ikkje var mennene i kontrollrommet, men sjølve konstruksjonen av reaktoren. 12 På dette tidspunktet vekte denne informasjonen mindre interesse enn ein kunne ha venta.

Vassily Nesterenko, leiar av Sosny instituttet, er den store mangelen ved fiksjonen til Craig Mazin, hevdar Lenoir. Den rolla han spela då ulukka skjedde og hans engasjement i månadane og åra som følgde, ja heilt til hans død i 2008, for å opplyse og hjelpe folk som budde i dei mest forureina områda i Kviterussland, burde vore med. Sjølv om Chernobyl-serien beskriv dei skremmande konsekvensane for menneska, og det sovjetiske diktaturet sin måte å hemmeleghalde og snakke usant om det som skjedde – så fortel ikkje denne serien sanninga om Tsjernobyl. Då må vi gå til andre kjelder.

Ulike evalueringar av Tsjernobyl

I 2009 kom den store, grundige rapporten om helse og miljøkonsekvensane etter Tsjernobylulukka av Yablokov og far og son Nesterenko.5 Det er den største og mest fullstendige samlinga av data som handlar om dei negative konsekvensane av Tsjernobyl på helsa til folk og miljø, som er utgitt hittil. Dei hevdar at så mange som ein million menneske kan ha mista liver på grunn av Tsjernobyl. Ein skulle vente at dette ville utløyse ein stor debatt, men det skjedde ikkje. Rapporten blei motteken med tausheit. Då professor Yablokov var i Oslo i 2016 og snakka om rapporten på Litteraturhuset, var det få som høyrde på og ingen journalist som intervjua han.

I Store norske leksikon står det. «Til tross for dystre prognoser er helsekonsekvensene av Tsjernobylulykken langt mindre enn tidligere forventet mens de psykologiske konsekvensene er langt mer omfattende enn antatt. –134 fikk strålesyke og 28 av disse døde i løpet av 3-4 måneder. Fem brannmenn døde av brannskade. I perioden 1987 – 2004 døde ytterligere 19 pasienter. —Det er rapportert om 5000 barn eller opptil 9000 (hensyn til statistisk usikkerhet) som fikk skjoldbrusk-kreft som skyldes radioaktiv jod (I-131). 15 av disse døde på grunn av forsinket medisinsk behandling. —Økt frekvens av andre krefttyper som leukemi og svulster, immunsystemsykdommer eller ulike fødselsskader, er så langt ikke påvist. Selv om forskning på helseeffekter fortsatt pågår internasjonalt, synes helsekonsekvensene observert 20-25 år etter ulykken å være langt mindre enn forventet»6 Dette er det offisielle synet på Tsjernobylulukka både i øst og vest.

Kate Brown

Kate Brown er professor i vitskapshistorie ved Massachusetts Institutts of Technology (MIT). Ho har fleire år med studiar i tidlegare Sovjet bak seg, og snakkar russisk. I 2013 ga ho ut boka Plutopia, som ho fekk sju internasjonale prisar for.7 Den handlar om arven etter mange tiår med atomvåpenproduksjon og testing, både i øst og vest. Med utgangspunkt i dei to hemmelege byane Richland i staten Washington og Ozersk i Ural i Russland som hadde det felles at dei produserte plutonium til atomvåpen, fortel ho om korleis dei begge stadane har slept ut over 200 millionar Ci 8 med radioaktivitet til miljøet. Det er dobbelt så mykje som blei slept ut ved Tsjernobylulukka. Begge stadane ligg desse plutoniumfabrikkane omgjevne av hundrevis av kvadratkilometer med forgifta jord og elvar og skog, og menneske og dyr er sjuke.

I 2019 kom så boka hennar om Tsjernobyl.1 I ein periode på fem år har ho reist omkring i Russland, Kviterussland og Ukraina og studert rapportar og helsestatistikkar. Det handla for det meste om rapportar som hadde vore graderte men no er opna. Fleire stader var ho den første som las dei. Ho starta med dei sentrale arkiva frå tidlegare Sovjet i Moskva og reiste vidare omkring i republikkane, provinsane og landsbyane. Ho hadde med seg innfødde medhjelparar. Ho møtte og mange kjende kvinner og menn som har stått sentralt i kampen for å få fram sann informasjon om Tsjernobyl, og mange ukjende offer som fortel si historie eller historia til familiemedlemmer som er døde. I Ukraina fann ho til dømes i eit arkiv, namnet på 36 000 kvinner som tok i mot månadleg støtte etter ektemenn som mista livet på grunn av Tsjernobyl.

Og ofte tenkjer ho: «Er den personen, eller desse med i talet på dei offisielt døde etter Tsjernobyl?». Og det er ein tanke eg kjenner igjen etter alle mine reiser omkring i Kviterussland. Kate Brown avdukar den fulle breidda av øydeleggingane og kvitvaskinga som følgde. Ho minner oss også om heile den historiske arven av radioaktivt avfall etter mange tiår med våpentesting, og små og store atomulukker, der Tsjernobyl er den største. Hennar bodskap er at vi går inn i ei framtid der vi treng «Manual for survival».

Melking av skyer

48 timar etter eksplosjonen i reaktor 4 i Tsjernobyl viste det seg at radioaktive skyer var på veg i retning Moskva. Det blei då bestemt at Statsinstitutt for meteorologi skulle sende opp fly for å påvirke regnskyene. TU-16 bombefly skaut sølvjodid inn i skyene og fekk det til å regne i store deler av det sørlege Kviterussland, som blei forureina med store mengder radioaktive stoff. Men Moskva blei redda. Sjefen for flygarane som utførde dette fekk medalje av President Putin i 2006. Då var han i 40-års alderen og gjekk med krykker. To av mennene hans hadde amputerte føter og mange var invalidar.

Ingen fortalde folk i Kviterussland at landet deira var sterkt radioaktivt forureina. Professor Vassily Nesterenko, som var direktør for atomforskingsinstituttet Sosny utanfor Minsk, tok med seg måleutstyr og reiste omkring. Han var på toppen av sin karriere og hadde eit namn over heile Sovjet. Han målte radioaktivitet som var 1000 gonger høgare enn den tillatne dosen. Han målte og laga kart og skreiv brev til myndigheiter og partileiarar både i Minsk og Moskva. Han bad dei dele ut jod tablettar til folk, og skaffe dei rein mat og slutte med jordbruk i enkelte område. Han fekk kritikk for at han skapte panikk. Det enda med at han vart oppsagd i stillinga si, vart sjuk og var borte ei tid. Men han var for kjend til at det var mogeleg å fjerne han heilt. Han kom tilbake og held fram med å måle radioaktivitet i mat og jord og i barnekroppar. Han sende kart og informasjon til sentrale myndigheiter i Moskva. Der vart det lagra og hemmelegstempla.

Omkring den skadde reaktoren i Ukraina vart det oppretta ei sone på 26 000 km2 der ingen fekk bu. I alt 90 000 menneske blei evakuerte frå sona, landsbyane og atombyen Pripyat. Men i Kviterussland budde folk i område som var forureina med opptil 40 Ci/km2 utan å vite om det.8 Før 1989 var det totalt forbode å skrive og snakke om helseproblem knytta til Tsjernobyl i media, men i dokument som vart hemmeleg stempla kunne ein skrive om det. Det var vanleg å sende positive meldingar frå provinsane til leiarane i Moskva. Derfor har Kate Brown stor tillit til alle dei negative meldingane ho finn i arkiva. Her fortel folk om svekka immunforsvar og alle slags vanlege sjukdommar i tillegg til kreft, hjartesjukdommar, barneleukemi, sjuke nyfødde, anemi, auka aborttal og dødfødde. Dette kunne ho lese om i arkiva 20 år etterpå.

Då Gorbatsjovs perestrojka og glasnost politikk tok til å virke, og kontakten mellom øst og vest blei lettare, tok folk til å forlange at amerikanske spesialistar måtte bli inviterte. Dei klaga over alle slags sjukdommar. I juni 1989 vart Vassily Nesterenko invitert tilbake med måleinstrument og kart. I 1990 oppretta han Belrad, eit uavhengig kviterussisk institutt for strålevern, ved hjelp av «The Andrei Sakharov Foundation». I 1991 bygde Belrad eit sett av lokale strålekontrollsenter i heile landet. Slike senter blei lagde til skular og kommunesenter, og 500 spesialistar blei opplærde til å måle radioaktiviteten i matvarer. Forureina mat blei blanda med rein mat og fordelt over heile landet. Jorda blei behandla og det blei skaffa rein mat til barn. Folk fekk opplysing og opplæring. Vassily Nesterenko hadde folket si tillit men opplevde at politikarane ikkje alltid likte det han dreiv med. Fleire gonger var han utsett for forsøk på attentat. Sonen hans, Alexey fortalde om dette då Kate Brown møtte han i Minsk, der han etter faren sin død er leiar av Belrad. Også eg har møtt Vassily Nesterenko mange gonger. Han viste meg det papiret som stadfesta at han hadde status som likvidator, og fortalde om motgang og arrangerte nesten-ulukker. På denne tida voks det også fram mange hjelpeorganisasjonar mellom øst og vest. Vassily Nesterenko var med og stifta «Barn av Tsjernobyl» i Minsk.9 Då leiaren av denne NGOen, Professor Gennadij Gruschewoi, fekk Raftoprisen i Bergen i 1999, var Vassily Nesterenko invitert med. Ei tid seinare var han også med på ein konferanse på Kornhaug, arrangert av Norges Fredsråd.

For å roe folk bad den sovjetiske helseministeren Evgeny Chazov, Verdas helseorganisasjon (WHO), om å sende ein delegasjon av internasjonale ekspertar for å vurdere situasjonen. WHO sende ei gruppe med fysikarar, men ingen medisinarar. Denne gruppa reiste omkring i dei forureina byane og landsbyane og møtte kviterussiske forskarar og legar som fortalde om den store breidde og auke av alle slags sjukdommar dei hadde påvist. WHO-spesialistane kom til den konklusjonen at det var ingen samanheng mellom denne auke i ikkje-kreft sjukdom og Tsjernobyl nedfall. Dette var ei feilslutning av forskarar som ikkje var trena i dette fagfeltet. Dei antok at desse helseproblema hadde si årsak i psykologiske faktorar og stress. WHO gruppa bygde sine vurderingar på den store granskinga etter bombinga av Hiroshima og Nagasaki, som dei hevdar er den største og mest pålitelege gransking om radioaktiv stråling og helse vi har. The Life Span Study (LSS) tok til fem år etter bombinga, og har følgt ei gruppe på 70000 og deira etterkommarar til i dag. Kritikken mot LSS er at den tok til fem år etter bombene eksploderte, og at alle som døydde av mange typar sjukdom, alle dødfødde og abortar dei første fem åra ikkje er med. I tillegg er ikkje det radioaktive nedfallet etter eksplosjonen, som folk fekk i seg gjennom mat, drikke og innpust, teke med. Kjende kritikarar av LSS er Alice Steward og Rosalie Bertell.

Thyroidkreft (Kanarifuglen i medisin-gruva)

Kreft i skjoldbrusk-kjertelen er veldig skjeldan. Så då legane i dei radioaktive sonene i Kviterussland tok til å melde om tilfelle av thyroidkreft, protesterte fagfolk både i øst og vest. Dette var ikkje mogeleg, dosene var alt for små. Sovjetarane kunne ha gått til sit store material med forsking etter Mayak katastrofen i Ural, like ved den hemmelege byen Ozersk. Etter ulukka der i 1957, då ein tank med brukt kjernebrensel eksploderte, har forskarar følgt ei gruppe på 40 000 menneske. Men dette var graderte helsestatistikkar.

Amerikanarane kunne gått til sine hemmelege rapportar. I USA hadde dei store undersøkingar av folket på Marshal øyane etter atombombetestingane der, og av folk i vindretningane etter testinga av omkring 100 atombomber i Nevada. Testingane i Nevada hadde ført til titusenvis av ekstra thyroidkreft. Hadde dei amerikanske politikarane stansa salet av fersk mjølk frå utegåande kyr i vekene etter kvar test, kunne dei ha hindra mange tusen av desse krefttilfella. Desse rapportane var hemmelege heilt til 1998. Då det vart kjende oppstod det tusenvis av saksøkarar som planla å saksøke dei politisk ansvarlege i USA.

Keith Baverstock

Då WHO fekk melding om 80 tilfelle av thyroid kreft i Kviterussland i 1991, trudde dei ikkje på det. Spesialistane i WHO tolka det straks som resultat av grundigare diagnostisering etter ulukka, misbruk av jod tablettar, kjemiske stoff frå kunstgjødsel og sprøytemiddel, eller dårlege forskarar og udugelege legar som stilte feil diagnose. Det blei likevel nedsett ei internasjonal ekspertgruppe som skulle kontrollere desse resultata, etter initiativ frå dr. Keith Baverstock. Han var tilsett ved det Europeiske kontoret til WHO, og møtte mykje motstand frå leiinga for at han engasjerte seg i dette. Dei prøvde å hindre han i å reise. Men gruppa kom seg til Minsk og fann ut at legane der hadde gjort eit godt fagleg arbeid. Dei undersøkte mange av dei sjuke barna og samtykte i at heile 102 av desse hadde thyroid kreft. Baverstock skreiv ein artikkel om dette som kom inn i Nature.10 Han blei pålagd å trekke artikkelen tilbake, noko han nekta. Dette kosta han til slutt stillinga i WHO. I 2003 prøvde Baverstock å opprette ei Internasjonal Tsjernobyl forskingsgruppe, som skulle drive uavhengige granskingar på helsekonsekvensane frå Tsjernobylulukka over lang tid. Dette hadde det vore snakka om lenge, men det viste seg alltid å vere vanskeleg å skaffe pengar. Denne gongen kom direktør for strålevern i IAEA, Abel Gonzalez, han i forkjøpet med å opprette Chernobyl Forum. Det er ein paraplyorganisasjon av sju FN organisasjonar med IAEA i spissen. I staden for ei stor, brei, uavhengig og ny gransking for å skaffe fram ny kunnskap, holt Chernobyl Forum fram i det same sporet som IAEA/UNSCEAR-rapportane frå 1987, 1988, 1991, 1996, 2001, og 2002. Chernobyl Forum 2006 er i dag anerkjent som den rapporten som gir sanne, oppdaterte fakta om Tsjernobyl og er sitert i internasjonal media, slik vi og kan lese om det i Store norske leksikon.

Bandashewsky

Berre 33 år gamal starta den kviterussiske legen Yuri Bandazhevsky som rektor ved ein medisinsk høgskule i Gomhel i Kviterussland, i eit område med stor radioaktiv forureining. Saman med studentane og kona som også er lege, starta han ei gransking for å finne samanhengen mellom hjartesjukdom og opptak av radioaktivitet i kroppen. Han samla eit stort materiale frå dei forureina sonene og samanlikna med kontrollgrupper frå reine område og dyreforsøk i laboratoriet. I Kviterussland var det strengt forbode å publisere vitskaplege arbeid som viste samanheng mellom sjukdom og Tsjernobyl-forureining. I 1993 rådde kollegane Bandazhevsky til å avslutte dette arbeidet, men han arbeidde vidare under press i seks år. Han undersøkte indre organ til døde menneske, tok bilde og målte aktiviteten frå den radioaktive isotopen Cs-137 som hadde lagra seg i desse organa. Dette gjorde han i samarbeid med Vassily Nesterenko, som hadde instrument for å måle radioaktivitet. Han kom til den konklusjonen at indre stråling frå Cs-137 ved låge dosar førde til skade på vitale organ der Cs-137 konsentrerer seg til høgare nivå enn det gjennomsnittlege kroppsnivå. Skaden på hjarte blir irreversibelt etter ei bestemt tid og dose. Brå død på grunn av hjartesvikt blei observert i alle aldersgrupper, også hos barn. Arbeidet hans «Caesium cardiomyopathy» blir av mange forskarar vurdert som eit vitskapleg arbeid av særleg høg kvalitet. Dr. Michel Fernex, aktiv i Legar mot atomvåpen (IPPNW) og tidlegare forskar innan WHO, uttalte i ein privat samtale at Bandazhevsky sitt vitskaplege arbeid var verdt ein Nobelpris i medisin. Venner og familie frårådde Bandazhevsky å publisere resultata, men han gjorde det likevel. «Barna våre dør, eg kan ikkje teie om dette», sa han i eit intervju. Vidare anklaga han regjeringa i Kviterussland for at dei ikkje gjorde nok for å skaffe folk rein mat. Han blei arrestert og dømd til åtte års fengsel for korrupsjon. Ei internasjonal støttegruppe av NGOar i lag med EU parlamentet engasjerte seg i saka hans, og det resulterte i at han slapp ut av fengselet i 2006, etter fire år. Dei skaffa han bustad og laboratorium i Frankrike, men etter eit år reiste han tilbake og busette seg i byen Ivankiv i Ukraina, like utanfor den radioaktive sona. Kate Brown besøkte han der i 2015. I lag med tre kollegar og med eit stramt budsjett undersøker han dagleg 30 barn frå dei omliggande landsbyane, kvart barn ein gong i året. Gruppa hans fører og helsestatistikkar over vaksne og har funne ut at radioaktiv eksponering tidlegare i livet fører til kreft, hjartesjukdom og andre sjukdommar seinare, og til forkorta livslengde på ti til femten år.

I ein liten skala utfører Bandazhevsky og gruppa hans det dusinvis av sterke internasjonale forskarmiljø har bede om i fleire tiår – ein studie over helsekonsekvensane etter Tsjernobyl som følgjer ein eksponert populasjon og avkommet deira over lang tid.

Omkring åtte millionar menneske i Kviterussland, Russland og Ukraina er utsette for ei permanent forureining frå ei heil rekke med radioaktive isotopar. Radioaktivt cesium, Cs-137, har gått inn i økosystemet og næringskjedene som vil vere radioaktive i omkring 300 år. Norge var det landet utanfor Sovjet som fekk det støste radioaktive nedfallet etter Tsjernobyl. Enno måler vi innhaldet av Cs-137 i sauer kvar haust i deler av landet vårt. Kvifor er ikkje vi interesserte i forskinga til Bandazhevsky ?

Det internasjonale stråleregimet

Internasjonalt strålevern er ikkje etablert og utvikla utifrå eit nøytralt utgangspunkt, men med eit mål om å fremje veksten av atomkraftindustrien. ICRP (International Commission on Radiological Protection) er ein sjølvoppretta NGO. Dei tilbyr standarane for strålevern av menneske (without unduly limiting the beneficial practices giving rise to radiating exposure). IAEA (International Atomic Energy Agensy) blei oppretta av FN i 1957 for å arbeide for utbreiing av atomkraft i heile verda, og kontrollere at denne teknologien ikkje blir brukt til atomvåpen. IAEA er den einaste organisasjonen i FN som rapporterer direkte til Sikkerheitsrådet, og derfor har større makt enn dei andre organisasjonane. Avtalen mellom IAEA og Verdas helseorganisasjon (WHO) frå 1959 (Res. WHA 12-40, 28 May 1959) har ført til at IAEA har hatt hovudansvaret for å evaluere Tsjernobylulukka og andre atomulukker, mens legane i WHO har blitt hindra i å ha ei sjølvstendig rolle. UNSCEAR (United Nations Scientific Committee on the Effects of Atomic Radition) har blitt ein organisasjon med dei same fysikarane som arbeider i atomindustrien, og som har som utgangspunkt at låge verdiar av radioaktivitet ikkje er skadeleg.

Mange viser til FNs Klimapanel og trur at IAEA sine rapportar er like pålitelege. Men desse to organisasjonane arbeider etter to ulike prinsipp. Klimapanelet samlar all forsking frå heile verda om temaet, og gir ut rapportar bygde på desse. IAEA arbeider for å promotere atomindustrien over heile verda, og sørger deretter for at menneska blir utsette for så lite skade frå radioaktiv stråling som mogeleg, utan at det går ut over det som er årsak til denne auka strålinga, atomindustrien.

Demokrati og diktatur?

Tilbake til artikkelen i Aftenposten. Den diktatoriske Sovjetstaten holt Tsjernobylulukka og konsekvensane av ulukka hemmeleg i over tre år. Men då jernteppet var borte og samarbeidet om Tsjernobyl, mellom aust og vest tok til, var det ikkje dei demokratiske tradisjonane i vest som møtte dei tidlegare Sovjetrepublikkane i eit samarbeid om forsking på hesekonsekvensane av ulukka, og om å skaffe hjelp til folk. Begge supermaktene hadde mykje å svare for overfor millionar av borgarar som var eksponerte for radioaktiv stråling frå ulukker, atomvåpenproduksjon og testing gjennom mange år. Ingen av partane var interessert i at sanninga skulle komme fram. Tsjernobyl var ikkje noko mindre enn ei katastrofe for politikarane i alle atomland. Men dersom nokon kunne vise at Tsjernobyl, oppfatta som «den største atomkatastrofe i menneske si historie», likevel berre førde til døden av nokre få brannmenn og nokre få av ryddemannskapet, og ikkje hadde nokon andre helseeffektar, ville all saksøking, ubehagelege granskingar og krav frå folket om tiltak, forsvinne. Det er også likskap mellom måten Sovjet behandla Tsjernobyl på, USA behandla Three Miles Island og Japan i dag behandlar Fukushima. Sjølv om vi er både takksame og stolte over våre demokrati, er det tydeleg at atomindustrien, både sivil og militær, avslører svake sider ved demokratiet.

Strålingsekspert frå Mayak

Natalia Manzurova er russisk ingeniør i strålevern Ho arbeidde i sona omkring Tsjernobyl reaktor 4 i perioden 1987-1991. Dette arbeidet har ho betalt med helsa si, og lir no av eit kronisk strålingssyndrom. Ho har blitt behandla for to typar kreft og kjempar mot den tredje. I eit intervju fortel ho: « Då eg blei frisk etter den første kreftsjukdomen sa eg til meg sjølv at eg burde vie resten av livet mitt til kampen for rettferd og for at sanninga om Tsjernobyl skulle bli kjend.

Eg er veldig lukkeleg for at denne Chernobyl serien er vist på skjermane våre. For meg er det ei synleggjering av vårt arbeid. Skaparen av serien har hylla og æra dei ukjende likvidatorane, som har vore med og hindra spreiing av radioaktiv forureining.

Som ein spesialist i praktisk strålevern kan eg slå fast etter fire store atomulukker, Mayak 1957, Tsjernobyl 1986, Techaelva 2005, Fukushima 2011, at verdas atomenergiautoritetar som burde ha lært mykje av desse hendingane, ikkje har gjort det. I staden repeterer dei kvar gong dei same feila. For ikkje å auke risikoen for liv og helse hos folk som kan vere utsette for radioaktivitet etter ei atomulukke, er det viktig å lage retningslinjer og reglar over det ein IKKJE MÅ GJERE, og over korleis UTFØRE PÅ RETT MÅTE evakuering og vern mot stråling, slik at vanlege menneske veit om det og forstår det.

Mi gruppe med spesialistar på strålevern og dekontaminering kom til Tsjernobyl 1. mai 1986 frå Mayak. Gruppa vår, ONIS, blei oppretta etter den store atomulukka der i 1957. Då blei 23000 km2 forureina og 23 landsbyar blei utsletta og nedgravne. Denne ulukka og all forskinga etterpå var klassifisert og ukjend heilt til ulukka i Tsjernobyl skjedde. Vår gruppe har med gode måleinstrument vore med og laga kart over forureininga omkring reaktoren. Det første kartet var ferdig vinteren 1988.

Det blei gjort mange feil under evakueringa omkring Tsjernobylreaktoren, på grunn av den manglande kompetansen til leiarane og på grunn av at all erfaring og kunnskap etter ulukka i 1957 var totalt hemmeleg og ukjend.»11

Men ein ting var Natalia Manzurova skuffa over. Dei målingane ho og hennar gruppe med liv og helse som innsats samla inn, vart førde i to journalar. I den eine stod dei verdiane dei målte og den blei hemmelegstempla. I den andre stod oppdikta, mindre tal som var tilpassa dei lovlege dosene. Dette fekk dei først vite i ettertid, og det er sjølvsagt ikkje med i serien.

Etter Chernobyl serien har interessa for turistreiser til Tsjernobyl auka. Kate Brown seier om det: « Det er ikkje i museumsbyen Pripjat ein opplever Tsjernobyl, men i dei radioaktive landsbyane utanfor sona.»

Ho fortel om ein tur i skogane omkring Tsjernobyl i lag med bærplukkarar. Bæra blir kontrollerte for radioaktivitet. Dersom dei ligg under den lovlege grensa som er 1250 Bq/kg, går dei vidare til Polen og deretter ut på verdsmarknaden. Ligg dei over, blir dei blanda med reine bær før dei blir godtekne. Det betyr, skriv ho: «Folk i USA, Canada og Europa kan vakne opp til frukost med Tsjernobyl- blåbær.» Det ville i så fall vere ein av konsekvensane av ein politikk støtta av FN organisasjonar, som legg til rette for at folk held fram å leve på radioaktiv forureina jord.

  1. Kate Brown: Manual for Survival. A Chernobyl guide to the future, W.W.Norton and Company, New York 2019
  2. Craig Mazin:HBO miniseri Chernobyl
  3. Kva Tsjernobyl lærer oss om demokratiets overlegenhet: Aftenposten 23. juni 2019
  4. <https://blogs.mediapart.fr/yves-lenoir/blog/300719/la-mini-serie-chernobyl-une-pseudo-fiction-perverse>
  5. Alexey V. Yablokov, Vassily B. Nesterenko, Alexey V. Nesterenko: Chernobyl. Consequences of the Catastrophe for People and the Environment, The New York Academy of Sciences, New York 2009
  6. Store norske leksikon: https://snl.no/Tsjernobyl-ulykken
  7. Kate Brown: Plutopia, Oxford University Press, New York 2013
  8. 1 Ci = 37 000 Bq og 1 Bq = 1 desintegrering per sekund, Bq/kg, Ci/km2
  9. Alexander Tamkowitsch: Der Tschernobyl-Weg. Von der Katastrophe zum Garten der Hoffung, verlag.rmf.berlin, 2017
  10. NATURE: Thyroid Cancer after Chernobyl, 358 (6390) 21-22 (Pub Med)
  11. www.sortirdunucleaire.org
  12. Adam V. Higginbotham: Midnight in Chernobyl, Simon and Schuster Paperbacks, New York 2019

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s