Fukushimadagen 11. mars

I Paris blei det arrangert ein stor demonstrasjon på Place de la République 11. mars for å markere 9 års dagen for atomkatastrofen i Fukushima. Det blei også demonstrert mot Olympiaden i Tokyo i juli.

11. mars er ein dag for å minnast offera for den radioaktive forureininga i Japan, men og ei tid for å minne om at dei radiologiske konsekvensane ikkje er over. I område omkring Fukushima er det lagra tusenvis av tonn med radioaktivt avfall og milliardar med liter med radioaktivt kjølevatn blir samla på store tankar. Når nedbygginga av dei skada reaktorane og det brukte brenselet ein gong i framtida skall fjernast, vil det føre til nye risikoar for radioaktiv forureining.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå andre typar ulukker i området. I oktober 2019 blei nettopp dette området råka av ein kraftig tyfon med sterk vind og stor nedbør. Lager av sekker med radioaktiv jord vart vaska vekk med flaumvatn og forureina jord og støv vart spreidd omkring.

Nye jordskjelv og sunamiar kan også komme. Ein annan grunn til bekymring er at reaktor nummer 3 har MOX-brensel som inneheld plutonium. (www.sortirdunucleaire.org)

Regjeringa i Japan, Tokyo Electric Co. og International Atomic Energy Agency (IAEA) har i alle år feilinformert og skjult konsekvensane av Fukushima-katastrofen. (Arnie Gundersen i Fairewinds Energy Education).

Bilde: Atomkraftverket i Fukushima etter ulykken, enhet 3 og 4. Flickr.com

1 kommentar

  1. Jøss – det at sekker med radioaktiv jord ble spylt vekk med flomvann har jeg ikke lest før. Takk for info!

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s