Evas atomblogg

Er atomkraft ein del av energimiksen for å redusere klimagassutsleppa? Mange hevdar det i desse dagar.

Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF) sa nei til atomkraft alt i 1955. Då arrangerte FN ein konferanse i Genève om fredeleg bruk av atomkraft. 73 land deltok og det var 1400 delegatar og 3000 observatørar frå industri og forskingsmiljø. Det blei lagt fram 1067 vitskaplege artiklar. WILPF sende fire kvinner som observatørar: kjemikaren Gertrude Woker og matematikaren Helene Stähelin frå Sveits, Isabelle Pontheil frå Frankrike og Helga Stene frå Norge.

Før denne konferansen prøvde Gertrude Baer å få helseskade etter atomvåpentesting på dagsorden. Men generalsekretæren i WHO såg på dette som «utanfor formålet med konferansen».

Helga Stene skriv i referatet frå konferansen mellom anna: «Dersom atomenergi berre blei brukt til fredelege føremål, slik vi blei fortalde på konferansen, trur eg at det ville vere mogeleg å hindre dei negative konsekvensane ved å bruke storskala tryggleiksutstyr. Menneska har utført vanskelege oppdrag før. Vi brukar farlege, giftige stoff som kokain og morfin som medisin utan å ta skade av det. Kanskje kan vi også meistre atomkraft som verda treng så sårt, utan å ta skade av det?»

Men kvinnene frå WILPF konkluderte til slutt med eit klart standpunkt mot atomkraft. « Det som er det viktigaste for oss, er spørsmålet om helseskade på folk som lever i dag og endå meir, skade på generasjon etter generasjon for hundrevis av år, frå dei daglege radioaktive utsleppa som alle atomreaktorar produsere. Alle reaktorar i drift har radioaktive utslepp til luft og vatn og produserer bombestoffet plutonium inne i reaktorkjernen. Vinden vil føre dei radioaktive stoffa med seg og dei vil falle til jorda som støv, eller med regn og forureine vegetasjon, vasskjelder, buskap og mjølka vi drikk.» Å lese dette i dag opplever eg som profetisk tale. Det kunne ha vore henta ut frå ein av rapportane om Tsjernobylulukka.

Konklusjonen til WILPF-kvinnene blei at atomkraft som energikjelde alt var gått ut på dato, og at solenergi ville komme til å dominere som energikjelde for industrien mot slutten av dette århundre. Dei viste til kjende forskarar på den tida som arbeidde med solenergi.

Som medlem av WILPF-Norge/IKFF føler eg at eg har ein arv å ta vare på. Det er ein av grunnane til at eg startar denne bloggen.

Min bakgrunn:

Mitt navn er Eva Solfrid Fidjestøl. Eg har hovudfag i kjernefysikk frå UiO frå 1962. Har vore lektor i vidaregåande skule i realfag og høgskulelektor i fysikk og miljøfag i Lærarhøgskulen.

Har vore aktiv medlem i Nei til Atomvåpen (NTA), Naturvernforbundet (NNV) og IKFF i mange år.

Har hatt lange utanlandsopphald i Tyskland, Frankrike og England, og har blitt godt kjend med miljø og anti-atom organisasjonar i desse landa.

Har vore med i det internasjonale styret til Barn av Tsjernobyl i Minsk i perioden 1996 til 2014 og besøkt Kviterussland og dei radioaktive sonene i det landet 12 gonger i den perioden.

Har delteke på store internasjonale konferansar og møter: Kvinnekonferansen i Beijing i 1995, Verdens kvinners miljøkonferanse i Miami i 1991( eitt år før Rio), Helsinki 1994 (førebuing til Beijing), FNs første komité i New York 2010 og 2016 med støtte frå IKFF. Konferansar arrangert av Forum for økumeniske, europeiske, kristne kvinner (FEECW) i Roma, Praha, Newcastle, Paris med økonomisk støtte frå Mellomkyrkjeleg Råd i den norske kyrkja.

I denne bloggen vil eg følgje debatten om atomkraft og atomvåpen i Norge og landa omkring oss.

1 kommentar

  1. Kjempebra, Eva! Jeg håper at dette kan bli en samling av linker til artikler vedrørende dekommisjonering av atomkraftverka generelt, – og i Norge spesielt.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s