WIPP er det einaste djupgeologiske avfallsdeponi for langliva og mellomradioaktivt avfall som er i bruk i heile verda. WIPP ligg 26 engelske mil søraust for Carlsbad i New Mexico og er eit permanent lager for transuran (TRU) frå forsvaret. Det ligg 2150 fot under jorda i ein gamal saltformasjon. Denne typen avfall tok til å samle seg opp på 1940-talet, då landet sitt atomforsvarsprogram starta.
Alt på 1950-talet foreslo det nasjonale vitskapsakademiet i USA å deponere dette avfallet i geologiske stabile formasjonar. Gjennom 1960-talet søkte forskarar etter ein passande stad og fann til slutt eit avsidesliggande ørkenområde i New Mexico.
I 1979 godkjende Kongressen WIPP og anlegget vart bygd på 1980-talet og vart sertifisert av US Environmental Protection Agency (EPA) i 1998 som sikker, langsiktig lagring av TRU-avfall.
26. mars 1999 kom den første sendinga til WIPP frå Los Alamos National Laboratory i New Mexico. I dag er dette det einaste djupgeologiske deponi i bruk for det farlegaste radioaktive avfallet i heile verda. Meir enn 171 000 tønner med langliva mellomradioaktivt avfall er lagra der.
14. februar 2014 skjedde ei ulukke med ei av tønnene, og radioaktiv forureining spreidde seg i ein tredjedel av dei underjordiske romma og tunellane og ut gjennom luftekanalen til det ytre rommet. 22 personar vart forureina. Reparasjonane har teke lang tid og blitt veldig kostbare. 21. april kom denne meldinga: Nuclear Waste Partner (NWP), LLC tildelte i dag selskapet Industrial Company (TIC) oppdraget å fullføre bygging av det nye ventilasjonssystemet ved WIPP. Etter planen skal det vere ferdig i 2025.