
Då Sherwin gjorde avtale med forlaget om å skrive denne boka sa han at det ville ta fire, fem år. Det tok 25. Dei siste fem åra inviterte han vennen Kai Bird til å vere medforfattar. Oppenheimer var stor nok for dei begge. Oppenheimer er kjend som atombombas far og blir kalla ein amerikansk Prometheus etter den mytologiske kulturhelten som er mest kjend for å ha gitt menneska elden.
Oppenheimer kom frå ein jødisk familie som flytta frå Tyskland til USA i 1880. Han studerte religion, filosofi, språk og musikk, men enda opp med teoretisk fysikk. Han hadde ei venstreradikal ungdomstid og utvikla seg til å bli ein kjend intellektuell som blei brukt som rådgjevar innan både politikk og kultur . Likevel blei han det mest kjende offer for McCarthy tida. Men det han er aller mest kjend for er at han var sjef for Los Alamos prosjektet som produserte dei første atombombene, og utførde prøvesprenging av Trinity, ei bombe laga av plutonium og som vart sprengd i New Meksiko 16. juli 1945. Det ga meining å arbeide for å utvikle dette nye supervåpenet før Hitler gjorde det, men Oppenheimer var imot vidare produksjon av atomvåpen. Spesielt argumenterte han mot å utvikle hydrogenbomber som er tusen gonger sterkare enn uran og plutonium bombene. Det som er mindre kjent er at han og mange av fysikarane i hans miljø, var i mot å ta denne teknologien i bruk til kraftproduksjon i sivile atomkraftverk. Teknologien er ikkje moden, hevda dei. Vi treng fleire tiår til å forske på dette. Men politikarane ville ikkje vente, og det blei bygd såkalla første generasjon atomkraftverk i mange land.
Bak denne boka ligg eit stort arbeid. Her er intervju med familie og venner og kollegaer frå mange miljø som Oppenheimer hadde vore ein del av gjennom eit langt liv. Biografane har lese mengder av rapportar og brev frå mange miljø og epokar, med heile 1000 sider frå Federal Bureau of Investigation Reading Room (FBI) åleine. Hans radikale ungdomstid saman med hans syn på atomvåpen gjorde han til ein slags landsforrædar. Han reiste frå Los Alamos i 1947 og var i nokre år kollega med Einstein ved Princeton Universitet. Begge var aktive i kampen for å få politikarane til å stanse kapprusting og prøvesprenging av atomvåpen.
I 1954 tok Oppenheimer med seg familien til Caribbean og budde der i ei hytte på ei øy det meste av tida til han døde av kreft i 1967. Etter han døde har det komme ut bøker, filmar, skodespel, artiklar og ein opera. Med notar og etterord er denne boka ei bok på over 700 sider. Den er rekna for å vere den beste boka om Robert Oppenheimer og verd å lese.
Kai Bird and Martin J. Sherwin: American Prometheus. The triumph and tragedy of J. Robert Oppenheimer. Atlantic Books, London 2023, Paperback edition , First published in USA in 2005.