Problema med brukt atomreaktorbrensel

Etter at vi menneske har forureina luft, jord, elvar, sjøar og havet står det ei utfordring igjen: berggrunnen under føtene våre.

«»Fjerdegenerasjonsreaktoren som kan bruke reprodusert plutonium frå brukt brensel, har ingen fått til å fungere over tid»

Tilhengarane av kjernekraft i Norge hevdar at problemet med det farlege avfallet er løyst. Dei hevdar også at avfallet kan brukast om igjen. Men Finland er det einaste land i verda som snart kan ta i bruk eit underjordisk deponi bygd for brukt atombrensel. Fjerdegenerasjonsreaktoren som kan bruke reprodusert plutonium frå brukt brensel, har ingen fått til å fungere over tid.

«Dette må lagrast i ein million år utan å komme i kontakt med vatn, luft og natur»

Atomland nummer 1 i verda med ca. 70 prosent atomstraum og med 56 reaktorar i drift, er Frankrike. Når ein i Norge hevdar at avfallsproblemet er løyst, kan det vere viktig å sjå på kva slags praksis Frankrike, med over 60 års erfaring med atomkraft, har utvikla på dette området. ANDRA (Agence Nationale de gestion des Déchets Radioactifs) som har ansvaret for det brukte reaktorbrenselet i landet, har eit prosjekt kalla Cigéo (Centre industriel de stockage geologique). Dette prosjektet starta som eit forskingssenter 500 meter under landsbyen Bure med omtrent 100 innbyggarar, nordaust for Paris. Etter nokre år viste det seg at det var her det franske høg- og mellomradioaktive avfallet, med lang levetid og med eit volum på omkring 85 000 m3,skulle plasserast. Dette må lagrast i ein million år utan å komme i kontakt med vatn, luft og natur.

Verdas største atomsøppelplass

Planen er å samle avfallet frå mellomlager ved atomreaktorar omkring i landet og frå reprosesserings-anlegget i La Hague. Dette anlegget har fått tilnamnet «Verdas atomsøppelplass».

Tusenvis av tonn med brukt brensel frå dei franske reaktorane og frå utanlandske reaktorar ligg lagra og ventar på reprosessering. Det blir slept ut radioaktive stoff til luft og vatn frå anlegget som overstig dei samla  utsleppa frå alle reaktorane i landet. Anlegget er overvaka med radar og av og til med bakke-til-luft-rakettar. Mange land sender sitt brukte brensel til La Hague for å få plutonium, men også for å vinne tid før dei må bygge nasjonale deponi. Det utanlandske brukte brenselet blir i Frankrike i årevis. Lova seier at alt det utanlandske brenselet skal returnerast etter reprosessering, men i dag er berre halvparten returnert. Det er også planlagt ein transport med 100 lastebilar til Bure frå ein atomvåpenfabrikk ved Middelhavet. Militært og sivilt radioaktivt avfall hamnar altså i same deponi.

Cigéo er eit prosjekt som ikkje er vedteke av myndigheitene, men arbeidet med å bygge det er godt i gang. Og det finst ingen plan B. Planen er å plassere det radioaktive avfallet 500 meter under overflata i 300 km med galleri. Motekspertisen hevdar at dette er ein usikker metode. Dei hevdar at det kan oppstå eksplosjonar og brann under jorda eller forandringar i jord og fjell over så lange tidsepokar. I tillegg er informasjon om det farlege avfallet vanskeleg å formidle til framtidige generasjonar. Miljøorganisasjonane i Frankrike protesterer og lagar store demonstrasjonar som har blitt møtte med politi utstyrt med tåregass og vasskanoner.  Men organisasjonane held fram med å protestere. Dei gir ut informasjonsmateriell og går til rettssaker mot ANDRA.

«Dei har rekna ut at med to transportar i veka vil det ta over 100 år før alt er på plass, og deponiet kan stengast»

Motstandarane av Cigéo er spesielt opptekne av alle transportane med farlege radioaktive stoff som skal gå på det vanlege veg- og jernbanenettet. Dei har rekna ut at med to transportar i veka vil det ta over 100 år før alt er på plass, og deponiet kan stengast. Alle transportar med radioaktivt materiale medfører ein risiko for å eksponere folk for radioaktivitet. Ein har rekna ut at 30 minutt ved sida av ei vogn som transporterer høgradioaktivt avfall gir den årlege tillatne stråledosen på 1 mSv.  Sjølv togstans, forseinkingar og små ulukker kan skape problem. Store trafikkulukker, terrorisme, naturkatastrofar, villare og varmare klima og krig må ikkje skje. Toglinjene til Bure går forbi og gjennom små landsbyar med beitande dyr på markene. Dersom Cigéo blir realisert, vil transportar med radioaktive stoff passere landsbyane kvar veke. Men stad og tid for passasje blir halde hemmeleg. Dette er ein farleg kultur som kan få store konsekvensar i tilfelle ulukker.

Transportane til Bure kjem i tillegg til alle andre transportar med radioaktivt materiale som dagleg går med bil og tog over heile landet. Som eksempel kan nemnast plutoniumtransport frå La Hague i nord til MOX-fabrikken i Marcoule i sør. MOX blir så transportert til dei 22 reaktorane omkring i landet som kan bruke dette reaktorbrenselet. Etter bruk blir det lagra ved reaktoren nokre år før det blir transportert til lager i La Hague. Dersom det skal brukast om igjen ein gong til, må det reprosesserast i eit nytt anlegg som enda ikkje er bygd.

Betyr dette at problema med det brukte atomreaktor brenselet er løyst?

Kjelde: sortirdunucleaire.org

Legg igjen en kommentar