Arven etter sivil og militær atomindustri i Storbritannia

Situasjonen i dag

I Storbritannia er det per juli 2022 11 atomreaktorar i drift. 34 er stengde for godt. Av dei stengde er det 26 Magnox-reaktorar, to Breeder reaktorar, ein liten reaktor i Sellafield og fem avanserte gasskjølte reaktorar (AGR). To nye moderne EPR reaktorar er under bygging. Produksjonen av atomstraum har gått ned frå 64 TWh i 2017 til 42 TWh i 2021 (WNISR 2022). EDF-Energy, som er eigd av det franske statskontrollerte EDF (Electricité de France) er hovudeigar av Lake Acquisition, som eig dei britiske reaktorane som er i bruk. Eit eksempel på korleis den internasjonale atomindustrien opererer på tvers av nasjonale grenser.

Gjennomsnittsalderen til dei reaktorane som er i bruk er 37 år, og åtte av desse er planlagt stengde  innan 2028. EDF har tillating til å bygge ein ny reaktor i Hinkely Point og  planlegg ein i Sizewell med byggestart i 2024. Men kostnadane med å bygge desse har nesten blitt dobla i planleggingstida, og det er vanskeleg å tenkje seg at dette ikkje blir eit stort økonomisk tap for EDF.  

Starten på det militære atomvåpenprogrammet i  Storbritannia i 1947

Så snart andre verdskrigen var over starta Storbritannia å planlegge produksjon av dei første britiske atombombene. Forsyningsdepartementet overtok i 1947 ein kongeleg våpenfabrikk på kysten av Vest-Cumbria og ga han namnet Sellafield. Her bygde dei to grafitt-modererte, luftkjølte atomreaktorar kalla «the Windscale piles», eit bassenglager (B29) for det brukte brenselet og eit reprosesseringsverk (B204). Heile anlegget fekk namnet Windscale. Reaktorane brukte brensel av metallisk uran og grafitt som moderator. Det brukte atombrenselet frå dei to reaktorane blei i heile driftsperioden reprosesserte i anlegget B204. Det brukte brenselet blei hakka opp og løyst opp i syre og så blei ubrukt uran, nyprodusert plutonium og høgradioaktive fisjonsprodukt separerte ut. I perioden 1951-57 produserte dei kvart år 35 kg våpenplutonium. Det var plutonium frå desse reaktorane som blei brukt i Storbritannia si første atombombe som blei sprengd over Monte Bello øyane i Australia i oktober 1952 og dermed gjorde landet  til verdas tredje atommakt etter USA og Sovjet.

Atombombe testsprenging i Monte Bello i Australia i 1952

Seinare reprosesserte dei for å bruke plutoniumet og uranet til ein type reaktorar (fast breeders) som i prinsippet kunne drivast på plutoniumbrensel på same tid som det blei danna meir plutonium, som så kunne nyttast som brensel. Dei lanserte også ein annan type nytt brensel kalla MOX. Det er ei blanding av plutoniumoksid og uranoksid og kan brukast i vanlege andre-generasjon reaktorar etter litt ombygging. Dei bygde to fabrikkar for å produsere brensel til desse reaktorane, først MOX- Demonstration Facility (MDF) og seinare Sellafield MOX-Plant (SMP).  Begge blei stengde etter kort tid. Mange andre land prøvde å vidareutvikle denne teknologien, men ingen har fått Breeder-reaktorar til å fungere over tid. Brukt MOX-brensel endar difor som farleg avfall som må deponerast.

Windscale ulukka i 1957

I 1957 oppstod ein alvorleg brann i Windscale som førde til radioaktiv forureining av eit stort område. Det var ein omfattande brann i reaktorkjernen som varde i over 24 timar. Ei radioaktiv sky dreiv gjennom det meste av England og vidare over Europa. Ingen blei evakuerte i nærmiljøet, men dagen etter hendinga stansa myndigheitene distribusjon av mjølk frå 17 gardsbruk i distriktet. Tre dagar seinare oppdaga dei mjølk med mellom 4400 Bq/l – 6600 Bq/l av isotopen I-131. Trass i dette blei mjølka brukt og etter kvart vart alle restriksjonar på bruk av mjølk oppheva. Statsminister Macmillan la lokk på all teknisk informasjon om ulukka sidan det ville svekke folks tillit til atomenergiprogrammet og utsette utviklinga av britiske atomvåpen. Offentleg uttalte han at full informasjon om ulukka ville skade tryggleiken til nasjonen. (The Daily Telegraph 1.  januar 1988). Namnet Windscale blei endra til Sellafield, eit namn som i dag er endå meir belasta. Brannen blei sløkt og begge reaktorane blei stengde og forsegla med betong. Slik stod dei til 1990. Då starta eit program for dekommisjonering (nedbygging, lagring og deponering) som held fram til i dag.

Utbygging av det sivile atomkraft programmet

I Sellafield blei det etter kvart bygd sju atomreaktorar, tre reprosesseringsanlegg, to MOX-fabrikkar, mellomlager for høgradioaktivt avfall, fissilt materiale, reprosessert uran og plutonium, og anlegg for glasifisering av høgradioaktivt avfall, produksjon av reaktorbrensel, brønnar for kjøling av brukt brensel og mange andre typar anlegg. Reaktorane var to typar, Magnox med brensel av metallisk natururan innkapsla i magnesiumoksid og AGR med brensel av anrika uranoksid innkapsla i rustfritt stål. Begge typane brukte gassen karbondioksid som kjølemiddel. 

B204 var eit militært anlegg som stod klart til bruk i 1951 og var i drift til 1964. Det hadde då produsert 3,6 tonn våpenplutonium, men skilje mellom sivil og militær plutonium blei ikkje gjort før i 1969.

I 1964 blei det bygd eit nytt, større reprosesseringsanlegg B205 i Sellafield som var ferdig og i kommersiell drift i 1964. Det skulle også reprosessere for sivil bruk. Derfor blei B204 omgjort til eit anlegg som skulle behandle uranoksid brensel frå den nye generasjonen AGR-reaktorar før det kunne reprosesserast i det nye anlegget. Men i 1973 blei B204 stengt for godt etter ei ulukke der 34 arbeidarar blei eksponerte for radioaktivitet. I 1971 blei det 100 prosent statlege selskapet British Nuclear Fuels Limited (BNFL)  oppretta for å drive det nye anlegget.

THORP

Windscale ulukka i 1957 var skremmande då den skjedde, men snart gløymd. Det utvikla seg ein kultur med hemmeleghald som ekspertane såg på som ein rettigheit og som folk ikkje hadde behov for å utfordre skriv Andrew Blowers. I dei tiåra som følgde vart det bygd ni atomkraftstasjonar, åtte ved kysten og ein i innlandet. I 1970-åra vart sju AGR ( Avanserte Gasskjølte Reaktorar) bygde. Det var på denne tida at motstanden mot atomkraft vaks fram. Det blei fokusert på risiko, økonomi og miljø og det blei oppretta ei antiatomrørsle, men som var mykje svakare enn masseprotestane i Frankrike og Tyskland på denne tida.

Thermal Oxide Reprocessing Plant (THORP) blei planlagd for å produsere plutonium til dei nye moderne fjerde generasjon reaktorane, «Fast breeder reactors» som var under utbygging i Dounreay i Scotland, og reprosessere brukt brensel frå reaktorar i andre land. Det blei protestert frå den voksande antiatomrørsla og ei høyring som varde i 100 dagar i 1977 vart arrangert. Det var den lengste høyringa av denne typen til då. Sjølv om B205 lenge hadde reprosessert både militært og sivilt brukt brensel, ville dette nye anlegget THORP få ein heilt ny dimensjon med omsyn til kvantitet. Det skulle ha ein kapasitet på over 1000 tonn per år. Halvparten skulle komme frå utanlandske kundar – og planen var at avfallet frå denne prosessen skulle returnerast til landet det kom frå. Trass i fagleg motstand vart THORP bygd – men alt gjekk ikkje etter planen. Då THORP starta i mars 1994 hadde BNFL skaffa kontraktar for reprosessering  av omtrent 7000 tonn brukt brensel og 4000 tonn av dette var med utanlandske kundar frå ulike land. Byggeløyve for THORP blei gitt i 1978, men motstanden held fram. I 1983 blei dumping av atomavfall i Atlanterhavet forbudt og NIREX annonserte bygging av lager for radioaktivt avfall på land fleire stader i England. Rapportar om opphoping av barneleukemi i nærleiken av atomanlegg tok til å komme. Sellafield som ein gong var sett på som førande innan atomteknologi blei for mange etter 1983 eit synonym for den skitne endestasjonen  av ein farleg industri.

Bygginga av THORP tok lenger tid enn planlagt, og det internasjonale Breederprogrammet kollapsa. Ingen fekk denne teknologien til å fungere over tid. MOX-fabrikken SMP, som blei bygd i 2001 for å produsere MOX-brennstoff for både UK og utanlandske kundar, fekk problem med ein gong. Han var bygd for ein kapasitet på 120 tonn per år men klarde berre fem tonn dei første fem åra og vart erklærd ubrukeleg og stengd ned i 2011.  THORP som skulle produsere materiale til reaktorbrensel blei brukt til avfallsbehandling. Plutonium og det høgaktive avfallet skulle etter avtalen sendast tilbake til utlandet, mens store volum av mellom- og lågaktivt avfall blei igjen i Sellafield. Tilbakesendinga stansa både på grunn av protestar og aksjonar frå Greenpeace og andre, og fordi mottakar landa ikkje hadde deponi klare for a ta i mot. I dag er det lagra 140 tonn plutonium og store mengder mellom- og lågaktivt avfall i Sellafield.

NDA ( Nuclear decommisioning authority) og nedbygging og avfallshandsaming.

Då THORP opna i 1994 hadde utviklinga av atomenergi stagnert og prosessen med dekommisjonering av dei eldste atomkraftverka tok til. I dei første åra av det nye tusenåret blei det klart at Sellafield, slik som Hanford litt før, stod fram for nye utfordringar, ei framtid som krevde opprydding, nedbygging og avfallshandsaming. Dette blei ei smertefull omstilling. Framtida til Sellafield låg no i opprydding av den historiske arven frå fortida. Det statseigde selskapet British Nuclear Fuels (BNFL) som hadde vore assosiert med reprosesserings kulturen i Sellafield sidan 1971 blei erstatta med Nuclear Decommissioning Authority (NDA) i 2005. NDA er eigar av eit av dei største atomavviklings- og oppryddingsprogram i Europa, oppretta i 2004 av Energy ACT for å leie oppryddings- og dekommisjoneringsarbeidet på 17 atomanlegg som inneheld dei eldste atomreaktorane, forskingssentrum, brukt reaktorbrensel og Sellafield, det mest komplekse anlegget. Målet er å oppnå slutttilstand på alle stadane innan 2333, altså om 310 år. Ingen av oss som lever i dag vil få vite om dei klarar det. Først må dei finne ein stad å bygge eit geologisk deponi, Geological Disposal Facility (GDF) for avfallet. Den siste planleggingsfasen er at ein GDF kan vere klar til å ta i mot høgaktivt avfall og brukt reaktorbrensel frå 2075. Men enno har ein ikkje funne ein slik stad. Likevel satsar Storbritannia på å bygge nye atomreaktorar.

Kjelder:

  1. Sellafield: Bellona Arbeidsnotat, Oslo 2001
  2. Andrew Blowers: The Legacy of Nuclear Power, Routledge, New York 2017
  3. http://www.nda.gov/uk

1 kommentar

  1. Mange takk Eva – jeg sitter og leser. Her en link til deg: https://www.theguardian.com/world/2023/jul/01/zelenskiy-warns-russia-could-be-ready-to-provoke-nuclear-plant-explosion https://www.theguardian.com/world/2023/jul/01/zelenskiy-warns-russia-could-be-ready-to-provoke-nuclear-plant-explosion

    Hei! Hva skal en tro om dette? Prøver The United Vest å finne et påskudd til å gå enda tyngre inn i Ukrainakrigen – å legitimere en «Armageddon for å redde verden”??

    A nuclear megapowerplant mined by Russia – would the United West try to provoke a reason to «start Armageddon to save the world»? … and clusterbombs on the way from USA to Ukraina…

    Hjelp! Med forskrekket hilsen Susanne Urban

    >

    Liker

Legg igjen en kommentar