Bokmelding – Plutopia av Kate Brown

Det har blitt skrive mange bøker om rustingskapplaupet mellom USA og Sovjet under andre verdskrigen. Kate Brown gir i denne boka den første grundige oversikt over kva dette kapplaupet førde til av store plutonium katastrofar både i USA og Sovjet.

Kate Brown bygger på store mengder rapportar som lenge har vore graderte, men no er frigjevne, og på dusinvis med intervju der folk fortel historia til dei som budde i byen Richland i staten Washington og i Ozersk i Sibir. Dette var dei to første byane som produserte plutonium. For å halde dette hemmeleg skapte politikarane både i USA og Sovjet hemmelege samfunn og hemmelege byar. Både Richland og Ozersk var byar med høg levestandar og vanskeleg tilgjengelege. Der budde dei som brukte kvite arbeidsklær, mens dei blåkledde utanfor var billeg arbeidskraft med låg levestandar og farlegare arbeid. Denne siste gruppa var samansett av frigjevne fangar, arbeidslause, flyktningar, soldatar og fordrevne landsbyinnbyggarar og urfolk.

I 40 år sende kvart av plutoniumanlegga i Hanford utanfor Richland og i Majak utanfor Ozersk ut 200 millionar Ci med plutonium og andre radioaktive stoff rett ut i miljøet. Store område  med sjøar, elvar, skog og beiteland er forureina for all framtid. Folk og dyr vart sjuke og gjennomsnittsalderen gjekk ned. Sjukdommen blei registrert, men rapportane blei haldne hemmeleg. Menneska hadde problem med å forklare all sjukdom, kreft, abort og misdanna nyfødde, også hos dyra. I dag veit vi. Plutopia avdekker desse katastrofane både i øst og vest. Det er ein viktig del av den kalde krigens historie, og viser oss korleis våpenkapplaupet har etterlate seg enorme miljøproblem.    

Kate Brown: Plutopia, OXFORD University Press 2013

Legg igjen en kommentar