Avfallsskandale i La Hague i Frankrike

I september 2024 publiserte uavhengige ekspertar ein rapport som avslørde ein skandale i La Hague i Frankrike: det farlegaste atomavfallet produsert av det første anlegget  UP2- 400 i La Hague blei forlate på staden. UP2 har ikkje vore i drift på 30 år, men har ikkje blitt dekommisjonert.

Anlegget blei teke i bruk i 1966 for å utvinne plutonium til atomvåpen ved bruk av kjemiske prosessar. Anlegget var i drift til 1994 og vart til slutt lagt ned i 2004.

Levetida til ein kjernefysisk installasjon inkluderer  fire fasar: design, konstruksjon, drift og demontering (dekommisjonering). Men før demontering må alt det høgradioaktive materialet fjernast.

I UP2-400 blei det farlegaste avfallet sett under vatn. Vatnet hindra at arbeidarane på anlegget vart utsette for stråling, men å lagre avfallet under vatn var også ein måte å drukne problemet på.

For 30 år sidan løyste dei  problemet med strålingseksponering ved hjelp av små kostnader men dei sende  ved det  store kostnader til dei som arva dekommisjoneringa nokre tiår seinare. Dette er enno eit eksempel på uansvarleg behandling av radioaktivt avfall, som vi finn eksempel på i mange land, også i Norge ved reaktorane i Halden og på Kjeller.

Kjelde: Sortirdunucleaire.org

Legg igjen en kommentar